Det er haust og Nordhordland Litterære Selskap startar lesesesongen med Elisabeth Strout og hennar roman Lucy ved havet. Boka handlar mellom anna om pandemien, men og om mykje meir. Det er berre å gle seg! Vi snakkar om boka tysdag 23. september 2025 kl.19.00 på Alver bibeliotek, Frekhaug
I sommar døyde Ingvar Ambjørnsen, ein forfattar som Selskapet samla sett ikkje har lese bøker av. Om ikkje før, så no er tida inne til å lese Ambjørnsen og ikkje berre se kjekke filmar om Elling, ein av karakterane i bøkene hans. Vi skal lese Den siste revejakta. (1983)Det er ein av dei første bøkene han skreiv og ein av dei som var med på å sette han på det litterære kartet. Vi møtast tysdag 14. oktober kl. 19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.
Når vi skal samlast i november skal vi snakke om romanen Alice Zeniter fekk den prestisjetunge prisen Le Prix Goncourt des lycées : Kunsten å miste. Det er ein roman om identitet, kven er du når familien din kjem frå Algeri og kven er du i Algeri når familien din vert sett på som forrædarar? Vi snakkar om boka tysdag 25. november på Alver bibliotek, Frekhaug
Før ferien hadde vi lese og snakka om Siri Hustvedt si bok: Denne flammende verden, så kvifor ikkje lese ei bok av mannen hennar Paul Auster? Vi har vald å lese den siste boka han ga ut før han døyde i 2024. Boka vi skal lese er Baumgarten, ei lita bok som kan passe å lese i den travle desember månaden. Vi møtast tysdag 16. desember kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik
Vi vonar jo alle på eit leseliv etter nyttår og! Så vi har allerei tenkt ut kva vi skal lese i juleferien: -Sidan vi framleis er i jubileumsåret for Thomas Mann skal vi lese Buddenbrooks. Boka handlar om familien Buddenbrook og deira fall. Det er kanskje litt dristig å lesa slikt midt i den heftigaste familiefeiringa, men kven veit, det kan og vere ting å hente frå litteraturen som kan vere til oppmuntring. Får du det for travelt i jula er det likevel god tid til å lese for Selskapet skal ikkje samlast før tysdag 20 januar 2026 kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.
Har du lyst til å vere med i Nordhordland Litterære Selskap? Ta kontakt med biblioteket og sei i frå! Du er varmt velkommen!
God lesehaust!





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar