tirsdag 23. desember 2025

Kva skal vi lese våren 2026?

 

Vi startar det nye året 2026 med å lesa gjenombrotsromanen til Thomas Mann: Bruddenbrooks eller Huset Buddenbrooks som den og heiter i nokre utgåver. Vi las Trolldomsfjellet i 2024 og har eigentleg hatt denne romanen på blokka sidan. No samlast vi på Alver bibliotek, Frekhaug tysdag den 20. januar 2026 kl.19.00 for å samsnakkast om denne. Velmøtt!

 


 På møtet i februar skal vi samsnakkast om ein av Dag Solstad sine romanar, denne gongen: Genanse og verdighet. Det er ein roman på ikkje så mange sider, men det er mykje å snakke om her og det skal vi gjere tysdag 17. februar 2026 kl. 19.00 på Alver bibliotek, Knarvik.

 

 

 

 

 

I mars er det tid for å lese og snakke om Birger Emanuelsen sin roman: Stasråden kommer. Vi møtast tysdag 17. mars kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug
 

 

 

 

 

 

 

 

Sidan vi har mange fridager i påsken får vi sikkert tid til å lese Niels Fredrik Dahl sin roman: Fars rygg.

Vi skal snakke om den tysdag 21. april kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik 

 

 

 

 

 


 I mai legg vi ut på ei utfordrande lesing, vert det sagt. Vi skal lese og snakke om romanen Augustblå av Deborah Levy, ei engelsk forfattar som skriv litt meir intrikat enn det vi er vande med, men det kan bli fint! Vi skal samsnakkast om denne romanen tysdag 19. mai kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug

 

 

 

 

 


 Når vi har kome til juni skal vi lese og snakke om Toni Morrison sin roman: Kjærlighet. Det vert det siste møtet før sommarferien. Då skal vi treffast tysdag 16. juni kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik

 

Då vil vi ønskje alle eit godt leseår og vel møtt til kjekke samtalar i 2026 

Ingen kommentarer: