Historia vert fortald etter at ting har skjedd,
forteljaren er Jørgen, gift med Vibeke
og far til Vidar og Eyolf. Han arbeider med menneske som har en vanskelig
bakgrunn og han er ein roleg og litt bakoverlent mann. Han elskar kona og de
har eit bra liv saman. I nabohuset kjem det ein ny familie, Steinar, Liv Merete
og Magnus. Steinar er lege og han tek mykje plass, han lyser, alle legg merke til Steinar. Familien som flyttar inn er tilsynelatande velfungerande,
men det er noko med Steinar som skaper uro hos både Jørgen og Vibeke. Første
gang Jørgen ser Steinar tenker han "Her
kjem ein fryktlaus mann" (s.14). Jørgen er lidenskapleg fan av
fotballaget West-Ham og pleier saman med vennen Bjørn å reise på tur til London
eit par gongar i året. Billettene til neste tur er allereie tinga, men Bjørn
blir alvorleg sjuk og kan ikkje dra, men da melder Steinar seg og kven kan si
nei til han? Turen blir ikkje slik Jørgen har tenkt seg og uroa han kjenner på
ovanfor Steinar berre veks. Alt ser så fint ut på utsida, men kva veit vi eigentleg
om menneska rundt oss?
I kritikkane har vi lese at Tore Renberg "punkterer" romanen ved at han avslører kva som har skjedd etter ca 200 sider. Det syntes ikkje fleirtalet av gruppa, snarare tvertom - her fekk vi stemma til Steinar som forklarar kva som førte han inn i denne situasjonen. Det einaste er at forfattaren let Steinar skrive på bokmål(!) - Jørgen si forteljing er på vakkert nynorsk - dette likte vi ikkje. Andre synspunkt var at forfattaren lurer oss inn i ein måte å sjå hendingane på. Vi får ikkje sjølv oppdage kva det er med Steinar. Det er Jørgen som brukar ord som bygg opp til ei veldig spenning og brukar ord som får oss til å tru at Steinar nærast er demonisk og vil gjere grusomme ting. Dette vert spenning på falske premissar. Vi spurde oss om Jørgen vert prega av jobben sin, slik at han tek med seg måten å se folk på inn i sitt privatliv? Vi får stor sympati med Jørgen og kona Vibeke, men ville vi ha låst oss inn i naboens hus for å sjå etter mistenkelege ting? Det er lett å bli forført av engstelege tankar, når naboen du ikkje er heilt trygg på tek med seg guten din på hyttetur.
For dei fleste var høgdepunktet i romanen når Steinar kjem med guten til Jørgen og Vibeke på skuldrane ned frå fjellet - eller forfatteren sin omtale av dei einskilde familiemedlemmane til Vibeke, det var fleire som lo berre ved tanken på korleis forfattaren til dømes omtalar svigerfar til Jørgen.
Kva så- var det nokre nedturar? Den tyngste kritikken gjekk på at forfattaren ikkje let lesaren oppdage kva det er med Steinar. Vi vert lurte inn i ein tenkemåte. Trådane er så difuse at vi berre anar at det er noko ekkelt med han. Orda som vert brukte set Steinar i eit spesielt lys, som overgripar av eit eller anna slag. Vi fekk heller ikkje så godt inntrykk av kona til Steinar, kven er ho, kvifor er ho nesten aldri ute, kvifor gjev ho nøkkelen til huset deira til Jørgen og Vibeke når dei reiser på fjellet og kvifor er ho ein heilt anna når dei kjem til hytta? Det er mange lause trådar her og det fekk nokon i Selskapet til å utbryte: dette er lettvint !
Vi får sympati med personane i romanen, både med Jørgen og Steinar - etterkvart. Det ga oss noko å tenke på - kor godt kjenner vi eigentleg naboen? - og kva med situasjonar vi observerar, er det alltid rett det vi trur vi ser?
Kor som er - alle deltakarane fekk lyst til å lese meir av Tore Renberg, for han skriv godt, veldig godt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar