Selskapet slo ganske raskt fast at: "Me har vore mykje for lite nysgjerrige då vi var små!" Tenk på Agga, som ved å vere uthaldande nysgjerrig fekk vite både det eine og det andre!
Vi møter sterke kvinner i boka Måkelatter som var tema for kvelden. Det opptrer og nokre menn der, men dei vert for statistar å rekne når det skal bli driv og action i handlinga. Vår favoritt er den unge Agga, men den vi snakka mest om var mystiske Freyja. Ho som vi avslørte som bulemikar, full av løyndomar og som gjer stort sett det som passar ho. Nokre hadde høyrt at det var laga film av boka og den kunne vi gjerne tenkje oss å sjå, men scenen med hårtørkinga kunne alle se føre seg! Og når Freyja arbeidde på apotek og fekk alle uteliggjarane til bestevenner - , vi lo berre ved tanken! Vi undra oss over om Freyja støtta dei utstøytte ut i frå ei altruistisk grunnhaldning eller om det var hemn som motiverte ho. For ho latterleggjorde svigermora og heile hennar verd på ei ganske grufull måte. Vi var ein tur innom Magnus, lensmannen, som nok ikkje passa så veldig på grensa for teieplikta og kva han fortalde Agga. Dei i selskapet som vaks opp i små forhold kjende seg att i fleire av hendingane og dei eldste hugsa og rasjoneringa som vi opplevde i Noreg i byrjinga på femti-talet.
Vi prøvde å tenkje oss kva skjer med Agga når ho veks opp? Vert ho telefondame, med oversikt over alt som skjer i bygda? - Politikvinne? - Diktar? - Ho kan bli alt, uforferda som ho er.
Men så var det spørsmålet: kvifor ler måkene? Ler dei "fanden i voldsk"? - av di Freyja "slipp unna" og Agga går inn i kvinnefellesskapet? Vi fann ikkje ut av dette, men vi les gjerne meir av forfattaren Kristín Marja Baldursdóttir!
Viser innlegg med etiketten kvinner. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvinner. Vis alle innlegg
tirsdag 2. februar 2010
tirsdag 24. november 2009
Island - neste?
I heile 2009 har Selskapet lese litteratur frå Danmark og hatt mange kjekke samtalar om bøkene. Vi kunne sikkert ha halde fram med å lese dansk litteratur, men etter å ha grunna litt omkring dette har no Selskapet bestemt seg for å lese islandsk i 2010. Neste bok blir difor Kristín Marja Baldursdòttir: Måkelatter. Bøkene er tinga inn frå vårt framifrå biblioteknettverk, så snart er det tid for å la alle juleførebuingar segle sin eigen sjø og berre lese og nyte!
Neste møte vert den 28. januar 2010 kl. 19.00 på Meland bibliotek. Til dei som gjerne vil vere med i denne lesesirkelen: ta kontakt med biblioteka for meir informasjon eller møt opp på neste møte! De skal vere hjarteleg velkomne!
Abonner på:
Innlegg (Atom)