onsdag 7. oktober 2009

Litt humor i november?

Vår reise i den danske litteraturen har for det meste vore på den bittersøte, melankolske og tragiske skalaen. På siste møte kom det fram eit inderleg ønskje om litt humor! For våre danske venner er då slett ikkje nokre hengehover og sjølv om vi ikkje skjønar alt dei ler av, så hender det at nordmenn dreg på smilebandet saman med danskane. Difor har vi vald Hans Scherfig sin klassikar Det forsømte forår . Denne boka er det og laga film av, men kanskje nokre filmar blir best inne i vårt eige hovud?
Neste gong Selskapet samlast er vi komne til den 19. november framleis er tida kl.19.00 og staden er Lindås folkeboksamling i Knarvik. Vel møtt!

tirsdag 29. september 2009

"Ho var litt på hi sia av fornuften"


Den lukkede bok var lesen og på møtet den 24. september hadde alle dei åtte frammøtte meiningar om boka, "heltinna" og tida boka refererte til. Frederikke veks opp i ei besteborgarleg verd der det er tronge rammer for kva som høver seg og kva som er upassande. Søstera Helena bryr seg ikkje så mykje om slike ting og er ei som Frederikke både ser opp til og blir noko skremt av. Frederikke er forlova med Christian, men etter å ha møtt Frederik Faber, søstera hans Amalie og kretsen rundt dei der vi både treffer målaren Krøier og Georg Brandes, får ho auga opp for at livet kan innehalde så mykje meir enn det ho til no har sett. Frederikke forelskar seg i Frederik og når han tilbyr ho ekteskap på gjensidig, venskapeleg grunnlag, bryt ho forlovinga med Christian. Ho let ikkje forstanden ta innover seg at det ikkje er eit vanleg ekteskap Frederik tilbyr, men kaster seg inn i dette nye utan å tenkje over kva det vil bety. Det blir eit ekteskap med mange usagte tankar og kjensler, langt i frå noko "happy ending" - og her tok Selskapet av: - for kor mykje forstod Frederikke av dette ekteskapstilbodet? Kor mykje hadde ho mogelegheit til å forstå? Er det Frederik som utnyttar Frederikke si totale mangel på realitetsforståing? Ei heller tafatt heltinne, som gjer nokre katastrofale val, meinte nokon, medan andre nok hadde meir omsut for Frederikke sin naive haldning til livet.

fredag 31. juli 2009

Når vi kjem til september...

Selskapet heldt fast ved planen om å lese dansk litteratur i 2009 og boka til neste møte er Den lukkede bok av Jette Kaarsbøl. Det er framleis god tid til å lese boka for neste møte er ikkje før 24. september kl.19.00Meland bibliotek. God lesing!

mandag 22. juni 2009

Rødby - Puttgarden

Det vil nok gå greit å lese denne, sa eg før vi starta på boka Rødby - Puttgarden av Helle Helle. Det var før nokon i Selskapet hadde lese boka og før nokon hadde prøvd å finne ut kva den handla om. Kva skjer eigentleg i denne boka? Søstrene Tine og Jane bur saman i Rødby og begge arbeider på ferjene mellom Rødby-Puttgarden i parfymeriet. Den yngste, Jane er ei skikkeleg jente, medan den eldre søstra er meir som ei villgeit - i følgje ei i Selskapet. Tine har ei dotter, Ditte som må passast av naboar og kjende når søstrene er på jobb og folk trår til og hjelper kvarandre. Vi undra oss over dette lille barnet, som aldri grein, alltid spiste maten sin, sovna og i det heile var eit uvanleg roleg barn. Søstrene derimot er stadig på farten, går og går med barnevogna hit og dit, møter underlege personar som er ein sjølvsagt del av deira lille verd. Jane blir med Abel, ein mann ho møter i parfymeriet, til Tyskland og vi vona alle at her ville ho finne kjærleiken, men, nei. Abel er gift og sjølv om han seier at han nesten ikkje ser kona si, reiser han straks heim når han får melding om at ho er sjuk. Jane derimot blir igjen i Tyskland og reiser først heim etter nokre dagar, kvifor blir ho igjen? Det var fleire av oss som hadde lese boka for ei stund sidan og trengte litt oppfrisking både om hendingar og personar og då skjer det dette merkelege og kjekke: Boka kjem fram i eit nytt lys. Den stille humoren, dei korte tørre setningane får tyngd og blir viktige på ei ny måte. Det er fleire sider ved denne boka enn ein skulle tru og kanskje skulle vi lese ho ein gong til, høgt til og med?

mandag 18. mai 2009

Siste møte før sommarferien!

Vi er no så leseivrige at vi har klart å klemme inn eit møte til før ferien tek over. Den 18. juni kl.19.00 treffast vi på Lindås folkeboksamling i Knarvik for å snakke om
Helle Helle si bok Rødby - Puttgarden. For denne boka fekk forfattaren den danske kritikarprisen i 2005. Boka er ikkje på så mange sider, så dette bør gå greitt. Vel møtt!

Er det farleg å vere bestemor?

Selskapet var samla på Meland bibliotek for å snakke om boka Kunsten å gråte i kor. Mai er ein kritisk månad når det gjeld utanomlitterærere hendingar, difor kunne ikkje fleire av deltakarane møte, men nye kom til - så talet på frammøtte var ikkje dårleg! Denne gongen hadde alle lese boka, nokon hadde til og med sett filmen, men som i dei aller fleste tilfella - boka var best! Det er eit underleg persongalleri vi møtter i Kunsten å gråte i kor. Det er Alan på elleve år som fortel på sin einfaldige men, likevel analytiske måte. Ein far som resten av familien må sørge for er glad, for elles får han nervar og må gå og leggje seg. Alan veit at ingenting er så godt som når far får liggje på sofaen med søstera, då er han glad lengje. Eller når han får tale i ei gravferd slik at alle gret. Men når det er lengje sidan det har vore ei gravferd, kanskje nokon må hjelpe til slik at det vert ei gravferd igjen? Då vi kom til dette punktet var det ei i gruppa som sa: når ungar finner på å myrde bestemora si, då må ein verkeleg begynne å lure! Det var fleire som lurte på kor mange barnebarn ho hadde og om ho no frykta for livet sitt? Men, nei, denne dama hadde berre snille barnebarn, så det skulle nok gå bra!
Boka handlar om familieforhold og kor vanskelege desse kan vere. Faren som brukar all sin kraft på å halde på makta, den som styrer og bestemmer og som alle må rette seg etter. Mora som ser ein annan veg når overgrepa skjer. Storebroren som har reist så fort han kunne komme vekk, men som kjem heim og trugar faren til å slutte å forgripe seg på søstera. Søstera som dreg seg lengre og lengre inn i seg sjølv og til slutt ender på psykiatrisk klinikk og Alan som vil at det skal vere orden i familien og går lina heilt ut. Barn er utruleg lojale mot foreldra sine, dei fortener det ikkje, men barn let ikkje mor og far i stikken, det burde dei kanskje?

onsdag 15. april 2009

Kunsten å gråte i kor

Selskapet heldt fram med å lese seg inn i den danske verda! Til neste møte som er på Meland bibliotek tysdag den 5. mai kl.19.00 skal vi lese Kunsten å gråte i kor av Erling Jepsen. Dei som av ein eller annan grunn ikkje får tid til å lese boka, kan redde seg ved å sjå filmen! - og dei som har tid kan faktisk gjere begge delar. Så no er det berre å finne ein lun krok i vårsola med teppe, appelsin og kaffe og unne seg nokre herlege timar!