tirsdag 9. juni 2015

Tida renn....

Selskapet hadde møte den 26. mars og snakka om Sandslottet i Aleppo, men skrivaren skulka møtet og referatet rann vekk i ...?
Men Selskapet gjev ikkje opp og går laus på ei ny bok som vi skal samsnakkast om torsdag den 11. juni kl.19.00 på Lindås bibliotek.
Boka denne gongen (siste før ferien) er Ali Smith: På stedet mil.
Velkomne til samtale dei som vil!

tirsdag 24. mars 2015

Møte i mars!

Nordhordland Litterære Selskap skal snakke om Chris Bohjalian si bok Sandslottet i AleppoMeland bibliotek den 26. mars kl.19.00. Dette er både ei forteljing om kjærleik, men og den dramatiske historia om folkemordet på armenarane. Boka er aktuell av fleire grunnar mellom anna er det snart hundre år sidan desse historiske hendingane fann stad. Her er det altså både fakta og fiksjon - spennande lesing!
Har du lyst til å vere med?
Ta kontakt med Lindås eller Meland bibliotek.

mandag 23. mars 2015

Kor lang tid tek det å knuse eit menneske?

Ja, tenk dette var eit av spørsmåla som kom opp då Selskapet hadde diskutert boka Den ukjente terrorist både vel og lenge. Hovedpersonen er Gina Davis - ei ung dame som er dansar i ein nattklubb og som drøymer om eit betre liv. Eit liv der ho vert sett på som eit menneske og ikkje som eit stykke kjøt. Ho kjem frå ein vanskeleg bakgrunn, ho har heile tida ein draum om utdanning og ein stad å bu som er vakker å sjå til og hennar eigen. Gina bur og arbeider i Sidney, men vi blir kjent med ein heilt anna del av byen enn der det spektakulære og vakre operahuset ligg. I Gina si verd handlar det om å tene mest mogeleg, halde seg unna påtrengane karar og kjøpe seg vakre designerklede. Gina vert kjend med Tariq, dei går til leiligheita hans og ho er saman med han ein kveld og ei natt. Om morgonen er han borte, Gina går deri frå men ho vil gjerne treffe Tariq  igjen så ho ringer til han utan å få kontakt. Det viser seg at Tariq er narkokurer og pressa gjer han til ein terrorist. Mediemannen Richard Cody har ikkje same høge stjerna han hadde i TV-selskapet han jobbar for. Han prøver desperat å finne nye vinklar på program han gjerne vil lage og irriterer seg over folk han må smiske for. Han går til nattklubben der Gina jobbar og prøver seg på henne, ho avviser han og vil glemme heile fyren. Då alarmen går om eit mogeleg terroriståttak og Cody ser film opptak av Gina og Tariq som går inn i det såkalla terroristreiret, koblar han henne mot klubben og jakta er i gang.
Det er mange personer i denne boka, mange små historier som kanskje ikkje får utvekle seg og forteljinga stoppar litt opp, men drivet gjer at ein berre må lese vidare.
Aller mest handlar romanen om media si handtering av informasjon. Det er mye i boka som minnar om Katharina Blums tapte ære av Heinrich Böll, men dette er på mange måtar ei råare forteljing kor hovudpersonen har eit dårlegare utgangspunkt enn Katharina.
Gina seier: Kjærleiken er aldri nok, men ho er alt vi har (s.292) - må det meir til enn kjærleik for at vi skal meistre livet?
Selskapet samla seg om at dette var ei god bok - og vi har lyst på meir frå Richard Flanagan!

onsdag 28. januar 2015

Den ukjente terrorist

Torsdag 29. januar 2015 kl.19.00 skal Selskapet samlast på Lindås bibliotek for å samsnakkast om boka Den ukjente terrorist av Richard Flanagan. I 2014 fekk han Man Booker-prisen for romanen The Narrow Road to the Deep North, som vert utgjeven på norsk våren 2015. Richard Flanagan er ein av Australia sin viktigaste forfattarar og skriv med dette kontinentet som bakgrunn. Han har og laga filmmanus.

Har Selskapet lese ei slik bok før? Den som vert med på samtalen får vite. Det er ope for alle! Velkomne!

tirsdag 27. januar 2015

Det handlar om integritet

Midt i desember før jula hadde slukt oss heilt, var Selskapet samla til kaffe, clementiner og oppglødd prat om Svik 1938 av Kjell Westö. Dette var ei bok alle likte og når det er slik, er det lett for at samtalen vert litt "slapp". Ikkje denne gongen for Svik 1938 er ei bok som engasjerar! Boka handlar om advokat Thune, ein mann frå den øvre middelklassa og sekretæren hans fru Mathilda Vik, ei dame med ein stor og tung sekk av skremelege minne frå fortida. Boka heiter Svik og vi begynte å rekne etter kor mange slags svik vi traff på i boka. Thune vert sviken av kona Gabi som gifter seg med ein barndomskammerat, barndomskammeraten svik Gabi ved å gå inn i eit forhold til fru Vik. Vi fann svik mot barn, misbruk av tillit, svik mot folket, svik mot jødene, nasjonalt svik, kjønnsdiskriminering, nevøen til Thune svik han - ja, det var mykje å trekke fram her.
Vi følgjer Mathilda Vik litt tilbake til tidleg ungdom under den finske borgerkrigen. Forledra tilhøyrer dei raude og alle som har hatt noko med dei raude å gjere vert sett i konsertasjonsleirar. Det er lite mat, men værst av alt er at Mathilda kvar natt vert oppsøkt av ein av offiserane og misbrukt av han. Broren hennar vert plassert på barneheim og det er tydeleg at han og vert utsett for misbruk. Mathilda har heile tida dårleg samvit og utveklar schisofreni, det er  Miljafrøken som kjem når det vert for mykje press og Miljafrøken foreslår dei villast ting ho kan gjere mot dei som har gjort henne vondt.
Thune har og slitt å slite med. Han sørgjer framleis over Gabi som forlet han og han ser at onsdagsklubben, som han har vore med i sidan gutedagane, deler seg ideologisk etter kvart som nazismen bryt fram. Thune er libral og skriv eit avisinnlegg som fører til angrep både verbalt og fysisk. Det er ei tid for å velgje side og det er ikkje enkelt for ein mann som Thune.
Selskapet diskuterte livleg kven som var skurken som hadde valdteken fru Vik, (det var fleire som ikkje hadde oppdaga det) kva som var høgdepunktet i boka og kva som gjorde mest inntrykk, her hadde dei fleste sine favorittar - sjølv om episoden på idrettsbana var skakande lesing.
 Vi vart samde om at denne boka hadde eit flott språk, lett å lese og samstundes så mykje å tenkje på.

fredag 21. november 2014

Desember - eit møte til før jul!

Då Selskapet fann ut at det var Kjell Westö som hadde vunne Nordisk Råds Litteraturpris for 2014 og at boka var komen til biblioteka, ja, då var det klart at denne boka måtte vi lese. Den markerer avsluttinga på leseåret 2014 i Selskapet og dei som har begynt å lese melder om fine stunder. Møtet i desember skal vere på Meland bibliotek torsdag 11. kl.19.00.
Har du lyst å vere med er det berre å komme.
Velkomne!

lørdag 1. november 2014

Å blande seg inn - er det eit mødre-gen?

Alle dei frammøtte i Seslkapet hadde prøvd, verkeleg prøvd å lese seg igjennom Carl Frode Tiller si bok Innsirkling, men alle hadde ikkje lukkast. For nokre vart det for dystert, medan andre vart sugd inn i forteljinga og er no djupt inne i Innsirkling 2 og det var og dei som hadde lese bok 3 og visste svara på korleis det gjekk til slutt med alle dei nære vennene og dei litt fjernare.
Boka startar med Jon, musikaren som ser så dystert på livet at han er nærast ufør. Han skriv brev til David som har mista hukommelsen. Gjennom brevskriving skal dei som kjende han skrive om barndom og oppvekst, slik at han kanskje igjen kan hugse kven han er. Jon skriv, Arvid som er prest og stefar til David skriv og Silje som var kjærasten (?) til David. Dei fortel om hendingar og tida som barn og tenåringar, men dei skriv like mykje om seg sjølv og slik livet såg ut frå deira ståstad. Jon har et dårleg sjølvbilete og mor hans legg seg opp i både det eine og det andre. Det var nokon i Selsakpet som kjende seg veldig att og vi var ei lita runde innom temaet - mødre som legg seg oppi ting. Ja,om det er slik at mødre berre gjer slik? Jon klarte og å få heile forsamlinga til å ønske å filleriste han, slik at han kom seg ut av ei djup sjølvmedkjensle. - sikkert ei umogeleg oppgåve, men lell... Vi snakka om kor ulikt ein kan oppfatte situasjonar og forhold mellom menneske. Jon ser på presten/stefar til David som ein tafatt og bleik type, men når Arvid skriv ser det ut til at det er god kontakt mellom han og David. Silje skriv om den frigjorte kunstnartypen mor hennar var. Ho skriv om ekteskapet sitt som ser ut til å vere nede i ein bølgjedal og betre vert det ikkje når ho later som ho har ein elskar - nemleg bror til mannen. Makan til manipulerande dame!
Vi får fleire eksempel på totalt absurde diskusjonar - og anar nok at forfattaren har henta ein del av desse frå det verkelege livet.
Boka gjev eit tidsbilete - det er hippie-tid, menneska skal vere frigjorte og prøve alt. Tiller skriv på ein ny og kreativ måte og språket er utruleg bra!
Det er mykje krangling mellom venner og familie og vel har vi høyrd om dramatiske og turbulente familiemiddagar, men søndagmiddagen hos Silje og mannen den tar kaka - denne sekvensen var eit absolutt høgdeunkt!
Fleire i Selskapet syntes boka var tung å lese. Ein må lese lengre avsnitt om gongen, boka krev at ein er konsentrert og tenkjer på det ein les.
På den andre sida, dette er nok ein av dei bøkene vi vil hugse, for her var det mykje å tenke over - og Tiller skriv utruleg bra!