torsdag 22. mai 2008

Kven kan lese spikerskrift?


Kanskje den som har hjartet på rette staden? Som kjenner seg forplikta til å fortelje ei historie om å halde ut, mot og ein god slump humor? Forteljinga i boka Spikerskrift vandrar fram og tilbake i tid. Her er det myter, delar av Iran sin politiske historie og historia om ein døvstum far som trass sitt store handikap kommuniserer med omverda med sonen som tolk.
Selskapet hadde møte i går og under samtalen vart det undra ein del om korleis det var å vere handikappa i dette samfunnet. Og det vart samtala om korleis vi forheldt oss til dei som har eit eller anna handikap i vår tid og vårt samfunn. Kanskje samfunnet som Ãqã Akbar Mahmud-e Ghazanvi-Gorasani vaks opp i hadde evna til å bruke dei ressursane som kvar einskild av innbyggarane hadde? Eller var det onkelen, den opiumsrøykjande diktaren Kãzem Khãn, som sørga for at han lærde seg spikerskrift, vevkunsten og som til slutt skaffa han ei kone, var det han som var bakmannen for denne underlege historia?
Romanen fekk oss til å hente fram leksikon, kvifor vart sjahen jaga ut av landet og når kom eigentleg Khomeini tilbake til Iran? Med ei ikkje for fjern historie som ein av delane i forteljinga, mytane frå det gamle Iran og denne faren, fekk vi ei mangfaldig lesaroppleving denne gongen!

mandag 7. april 2008

Kom mai, med solrike dagar til å lese endå meir!

På siste møtet hadde nokon førebudd seg og kom kjapt med framlegg om nye kjekke bøker! Vi er framleis i Mangfaldsåret og leselista ber preg av dette. Torsdag 22. mai, treffast vi igjen og denne gongen på Meland bibliotek. Vi skal lese Kader Abdolah: Spikerskrift. Boka er no komen som papaerback og har fått ny tittel, Min fars notatbok. Kanskje denne tittelen er meir lettselgjeleg enn Spikerskrift? Fleire har kanskje lese boka Huset ved moskeen, den første boka som vart utgitt av Kader Abdolah her til lands, men som i følgje forlaget reknast som hans hovedverk. Altså, det er berre å kaste seg over boka! Biblioteket har både den eine og den andre tittelen. - og sjølvsagt mykje meir av andre spanande forfattarar!

lørdag 5. april 2008

Montecore! Tigrar, høns og mår med dårleg moral


Endeleg var kvelden inne for å møtast og snakke om Montecore - en unik tiger! Oppmøtet kunne vore betre, men dei tre som kom hadde alle lese og nytt boka om far og son, deira unike forhold og forfattarens evne til å skrive nært og varmt om alle personane i boka. Ein av personane driv ei form for språkleg akrobatikk som gjer at framand ord og ordtak vert "nye" og som lesar vert uttrykket oppdaga igjen. Rasisme og tilpassing til samfunnet sine forventningar om korleis ein skal te seg og kva som er viktig i livet vart store spørsmål for oss. Er det større klasseskille i Sverige enn i Noreg? Er det alltid pengar og ting som er uttrykk for klasseskille? Forfattaren Jonas Hassen Khemiri debuterte med boka Et øye rødt, her vert språket brukt som kunstnerisk og politisk verkemiddel. Slik er det og i denne boka, men her er det fleire stemmer som kvar på sin måte fortel ulike historier. Men slik det ofte er når alle er samde om at dette var ei god bok, så vert ikkje samtalen så interessant. I staden vert sidespora dei som fører oss inn på nye spor. T.d. Kva er viktig i livet? Ting eller tid? Kor motig må ein vere for å bu på ein aude stad utan fast inntekt i fleire månader? Kor mykje arbeid er det å få opp eit hønehus og er det verdt å starte med høns når det er mår i området og sist nokon hadde høns der vart alle drepne av måren? Og kva skal me eigentleg med måren? Ein lystmordar, dårleg moral har han - ja, for det er vel litt umoralsk å drepe utan å ete byttet? Kva skal me no eigentleg med måren? Men høns, eigne egg og triveleg klukking, det er heilt andre saker. Tigrar derimot drep når dei må, men kva med dei unike, kvite tigrane? Dei som vart halden i fangenskap, vart kvar dag mata av same voktaren, som dei kjende - men som dei drap, heilt plutseleg ein dag. Var det slik med Montecore? Den unike tigeren, som vi trudde vi visste kven var, men eigentleg aldri kjente?
Med dette spørsmålet i hovudet var det tid for å gå heim og leite etter neste bok som skal lesast.

mandag 3. mars 2008

April og nytt møte i NLS

På dette møtet skal vi lese Jonas Hassen Khemiri si bok Montecore - en unik tiger Kvifor skal vilese Khemiri igjen? Et øye rødt vart lesen for to år sidan og det var ei av desse bøkene kor meiningane var særs ulike.I år er det Mangfaldsår og dette er eit godt høve til å lese litteratur frå andre land og særleg av forfattarar som bur i Noreg eller i eit av dei nordiske landa.
Møtet skal haldast på Lindås folkeboksamling på Knarvik 3. april kl.19.00 og alle er hjarteleg velkomne!

søndag 24. februar 2008

Januarmøtet 2008

Den siste dagen i januar kom Haldis Garnes Reigstad til Meland bibliotek for å snakke om bøkene sine og korleis ho arbeider som forfattar. Dessverre for alle andre og heldigvis for oss som var der, fekk vi eit fint møte med Haldis Reigstad. Ho er ein forfattar som lar natur og menneske, Guds skaparverk vere inspirasjonskjelda til mange vakre dikt. Dikta er og har vore viktige for mange menneske, noko ho sjølv erfarer ved at folk skriv til ho og ikkje minst fortel om sine opplevingar når ho er ute og les på ulike arrangement. Etter dette møtet har biblioteket blitt endå betre utstyrt med bøker og CD-ar som Haldis Reigstad har gitt ut! 

lørdag 16. februar 2008

Nordhordland Litterære Selskap


Nordhordland Litterære Selskap (NLS)vart stifta tysdag 28. september 2004. I innbydinga stod det at: Nordhordland Litterære Selskap skal vere ein møte plass for menneske med interesse for skjønnlitteratur og den gode samtalen om litteratur. 
Det første møtet tok for seg boka Nyryddinga av Sigmund Løvåsen som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. 
Seinare vart det lese mange kjekke romanar og samtalane har gått både kjapt og tregt! det merkelge er at jo meir samde vi er om at dette var ei kjekk bok, jo mindre har vi å snakke om! Men gje selskapet ei bok som kan forståast på ulike måtar, då stig både temperaturen og lengda på innlegga!  
NLS er ikkje spesielt for bibliotekfolk, men er tenkt å vere eit ope forum for alle som interesserer seg for litteratur.
Det har vist seg at det er nok mest bibliotekfolk som kjem og det har vore forsøkt ulike måter å få med fleire.
Vi har lese romanar knytt til tema t.d. kjærleiksromanar, reiseskildringar og kriminalromanar, men det har vore med til matnytte for bibliotekfolket enn til hugnad for dei som ikkje arbeider med bøker til dagleg.
I 2007 har vi hatt forfattar besøk, mellom anna av Per Olav Kaldestad og Arnt Birkedal til og med på same kvelden! Det var diktlesing som førebuing og eit lite Bokbad på Lindås folkeboksamling. Seinare på året hadde vi besøk av Odd W. Surén som ga oss eit interessant innblikk i korleis han arbeider med bøkene sine. Til førebuing hadde vi lese Adgangstegn.  Ei novellesamling som viser mange sider ved Surén sin forfattarskap.
Praktisk informasjon:
Det er møte ca kvar sjette veke, med unnatak av ein laaang sommarferie. Kva vi skal lese vert av og til avgjort av gruppa, men sommetider er det bøker som er så aktuelle at dei må lesast straks!
Møta er på biblioteka i Lindås eller Meland og på nettsidene vil det stå når det er møte og kva som skal lesast.