Korleis skal ein klare å hugse detaljane i tre bøker som ein har lese igjennom sommaren? Klart Selskapet hugsa hovudtrekka, men detaljane som vi lo av eller rista på hovudet av? Ikkje så enkelt om ein ikkje tek notater, så det har vi lært til neste gong.. Men det var kjekt å starte lesehausten i sol og ikkje minst snakke om desse bøkene. Tre ulike bøker, alle likte ikkje alle, men det vart nokre favorittar og forfattarar vi skal vende attende til.Vi starta med romanen til Per Petterson: Du er hjemme nå. Boka handlar om Kasper om hans forhold til kvinner. Han er gift med Inger, utru med Signe, sover på bussen og har ein sjåfør som viser omtanke for han. Kasper er ein hjelpelaus, sjølvoppteken mann som ikkje tenkjer særleg djupt over handlingane sine og kva for konsekvenser dei har for livet til kona og barna deira. Vi møter han på dei første siden der han har kjørt ned eit rådyr. Han går ut og sit ved sida av dyret utan å hjelpe det, ringe til viltnemnda eller noko anna. Vi spurde oss er dette rådyret ein metafor for forholdet han har til kvinner? Tafatt sittande og berre sjå på lidinga? Petterson skriv vakkert, det er lett å lese, ein fryd. Det var fleire som hadde han som favoritt.
Marilyn Robinson:Huset ved broen Brua går over elva, elva tek liv, elva er reise, elva fløymer over og tek med seg alt rusk og rask, elva er bindeledd og skilje mellom menneska som bur ved henne. Det er søstrene Ruth og Lucille som er hovudpersonane i denne romanen. dei vert plassert på trappa til mormora før mor deira køyrer bilen utfor eit stup og drep seg. Mormor er stabilitet, men ho døyr og inn kjem to tanter som ikkje er glad i barn og helst vil halde fram med eit roleg liv på hotellet der dei bur. Tante Sylvie kjem, mora si søster, og med henne kjem uroa, eit rastlaust liv og tilfeldigheiter. Sylvie samlar på bokser, flasker, aviser og dette et seg inn i alle rom. Ruth synest dette er spannande og vert tiltala av livet til Sylvie, medan Lucille ønsker seg eit trygt og forutseieleg liv. Boka handlar om mental helse. Den vaksne i familen er ikkje rusta for verda. Tantene (søstrene til mormora) er hemma av redsle og ingen av dei klarer å skape trygge rammer for dei to jentene. Robinson skriv godt, landskapet trer tydeleg fram og ho har nokre nydelege formuleringar midt i alt det mørke.
Ali Smith: Høst Denne romanen er den første i ein kvartett alle med titlar frå årstidene. Denne har bakteppe frå tida då brittane stemde over Brexit. Hovudpersonen er Elisabeth som bur hos mora og besøker sin gamle venn Daniel. Han har vore barnepassaren hennar, sjølv om mora ikkje vil høyre på slikt. Men han har og lært Elisabeth å stille spørsmål, reflektere og ikkje minst interessere seg for kunst og kunstnarar. Dei to går på tur og han spør ho kvar gong dei treffes: Kva les du? No når han er gammal og bur på ein sjukeheim er det Elisabeth som kjem til han. Ho sit ved senga hans og les, når han vakner spør han: Kva les du?
Boka har nokre fantastiske episodar som fekk Selskapet til å gapskratte, men vi fann ut at for å få fullt utbytte av boka burde vi nok ha meir kunnskap om det engelske samfunnet enn det vi har per no. Likevel det er ikkje mogeleg å unngå den skarpe samfunnskritikken boka inneheld og for nokre av oss er det meir enn grunn nok til å halde fram med å lese Ali Smith.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar