mandag 28. februar 2011

Mor Joad

No har det gått skammeleg lenge sidan Selskapet var samla og snakka om boka Vredens druer, men skrivaren skal gjere eit forsøk på å hugse tilbake og skrive ned nokre bitar av samtalen. Flertalet av de ni frammøtte hadde lese heile boka og likt henne. Boka handlar om familien Joad og deira oppbrot og reise frå Oklahoma til California. Farmen deira er, etter mange uår eigd av banken og den einaste utvegen ser ut til å vere å reise til California der dei treng fruktplukkarar. Vi følgjer familien når dei bryt opp og på den heller dramatiske reisa. John Steinbeck fekk nobelprisen for denne boka og det er ei mektig forteljing om fattigfolks samhald og omsorg for kvarandre. Men mellom kvart kapittel om familien Joad er det essayistiske kapittel om samfunnsutviklinga og eit kritisk blikk på kapitalens mekanikk for å halde hjula i gong, som dei seier. I desse kapitla brukar forfattaren naturfenomen eller observasjonar i naturen til å biletleggje synspunkt han vil ha fram og dette gjer han slik at bileta sit fast i minnet!
Vi fordjupa oss i mora si rolle som den som kjempa og kjempa for å halde familien samla, når alle ser ut til å gje opp håpet, kjempar ho vidare, sjå her:
- Nå har vi ingenting, sa faren. - Å skal vi gjøre nå ei lang tid? Ingen innhøsting. Saronsrose er langt på vei nå. Ser ut som vi er ferdige. - Å nei da. Moren smilte. - Mannen, han lever lissom røkkevis, men kvinnen er en rolig strøm med små evjer og stryk. Men den glir fram. Vi forandres kanskje, men vi dør ikke ut. Noen dør, men resten er kraftigere enn som så. Vi får leve en dag om gangen. Lag deg ingen unødige sorger.
Vi snakka om at det er kanskje slik at menn er meir stadbundne og at kvinner eigentleg kan vere kor som helst så lenge dei har barna rundt seg. For mor Joad var det slik, forfattaren framstiller ho som fjellet i familien, eit bilete på den ultimate mor? Vredens druer - boka krevde ei langsam lesing, men ho var verd det!

tirsdag 1. februar 2011

Heinrich Böll


Heinrich Böll fekk Nobelprisen i litteratur i 1972 og difor skal vi lese boka:
Katharina Blums tapte ære. Denne boka kom ut i 1974 og er ikkje "nobelprisboka", men Böll fekk prisen i hovudsak for heile forfattarskapet sitt og når boka er på under 200 sider såg Selskapet føre seg at dette skulle dei makte. For dei som gjer seg raskt ferdig med Katharina Blum kan vi allereie no melde at neste bok vert: Hundre års ensomhet av Gabriel Garcia Marquez.
Vi samtalar om Katharina Blum den 17. mars kl.19.00 på Lindås bibliotek. Ta kontakt med personalet på biblioteka om du ønskjer å vere med. Velkomne!