tirsdag 22. september 2026

Sjelesorg - å sørge for/ ta vare på sjela - eller?

 

Sjelesorg av Dag Johan Haugerud var ein roman som sette fyr i Selskapet på ein positiv måte. Vi var hjarteleg samde om at dette er ei god bok! Det er mange fine setningar og observasjonar som forfattaren let oss ta del i og språket flyt lett. 

Boka handlar om Thomas som er diakon i ei kyrkje i Oslo. Han er ikke kristen og han er homofil. Han har studert på Menighetsfakultetet mellom anna saman med Siri som er prest i den same kyrkja. Thomas tenkjer tilbake på kjæraster han har hatt og korleis det har blitt slutt med dei. Han kjenner på at han berre har late dei drive vekk og så når dei har hatt det vanskeleg. Han møter Lars og vert både tiltrekt og fråstøyt av han. Lars ber han vere med til systera for å snakke med eller prøve å snakke med dottera Astrid. Ho har lagt seg i senga og orker ikkje å stå opp. Thomas prøver å snakke med henne, ho reagerer ikkje, men han får inntrykk av at ho lytter. Lars fortel om ein kjærast han hadde og som tok livet sitt. Denne samtalen får Thomas til å kjenne på at no er han sjelesørgar og at det ikkje kan bli eit forhold mellom dei. Thomas drømmer at han veit kva som skal til for at Astrid skal komme ut av pasiviteten og bli frisk. Han diskutere dette veldig med seg sjølv, men endar opp med å fortelje dette til foreldra. Dei tru på han og følgjer opp og Astrid får rett behandling og vert frisk. Thomas kjenner på einsemd, han vil vere der for andre, men kven er der for han?

Selskapet syntes Thomas set veldig strenge grenser for seg sjølv. Han seier fleire gonger at han ikkje er kristen, men slik som han snakkar og ter seg er det fleire av dei vi møter i romanen som spør om han om han verkeleg ikkje er det. 

Vi spurde oss: kva handlar denne romanen eigentleg om? Er det diakoni eller homofili, einsemd, tvil om eigen ståstad i forhald til tru og tvil? Vi forundra oss over namnet Thomas - vil forfattaren seie noko med å velgje eit slikt namn på hovudpersonen sin? Thomas tvilaren? Vi kom vel ikkje fram til noko svar, men vi kan anbefale boka, den var flott å lese!

Ingen kommentarer: