torsdag 22. desember 2011

Planar for 2012

På det siste møtet før jul la Selskapet leseplanar for 2012 Det har ikkje vore mykje humor i bøken vi har lese i 2011 difor startar vi nyåret med ei bok av Torgny Lindgren: Hakkepølsa. Vi møtast på Meland bibliotek den 26. januar kl.19.00.

Dei neste bøkene blir som følgjer:
Marit Eikemo: Samtale ventar (23. februar på Lindås bibliotek, Knarvik)
Dag Helleve, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly: ei reise i Canada. (26.april på Meland bibliotek, Frekhaug)
Per Olov Engqvist: Livlegens besøk (7.6 på Lindås bibliotek, Knarvik)
Det er med andre ord mykje å gle seg til  i leseåret 2012. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteka i Nordhordland og få meir informasjon.

Det gjekk aldri opp for meg kva denne boka handla om

Selskapet hadde bestemt at vi skulle lese ein roman i tillegg til Tramströmer. Ingen hadde lese så mykje av Tormod Haugland tidlegare og då vi las omtalen frå forlaget såg dette ut til å vere ei interessant bok. Var den det? Ja, nokon hadde hatt ei utruleg morosam stund, medan andre hadde slitt seg igjennom ei heller frustrerande lesing. Boka handlar om brørne Patrick og Paal som kjem frå Austrheim. Patrick lever av å framføre foredrag som Paal har skrive og reiser på oppdrag rundt i landet. Ein gong han er i Bergen bur han på eit hotell inne i Fløyfjellet. Han får rommet der Martin Romberg vart funnen død. Politiet synest ikkje det er noko mistenkeleg med dødsfallet, men Patrick og Paal vert av fleire kontaktar oppmoda til å sjå nærare på dette. Når dei begynner å gå tilbake til første gong dei møtte Martin Romberg, oppdagar dei at feministgruppa Frie kvinner var involvert i det meste av aktivitetane til Via Vaage Servuces der Romberg arbeidde. Frie kvinner vart starta av konene til Patrick og Paal og det er tydeleg at dei veit mykje meir enn mennene deira trudde. Historia er lagt eit stykke fram i tid, for her går det tog til Austrheim over Sletta og Utvandrersenteret på Radøy. Patrick er den vi høyrer mest om og han trur vi, er avhengig av Gor-saft og Lumlum, eit merkelege ekstrakt som står omtala i Mongstadmarkas planteliv ei bok ein slektning har skrive. Gor-saft og Lumlum får den som drikk det til å sjå alle ting klårare, seiest det. Tja, kanskje det, men avhengig - det vart no han Patrick.
Fleire i Selskapet lurte på kva som var poenget med denne boka, lurar forfattaren oss? Er det ein parodi på krimsjangeren? Er det ein underliggande kritikk av samfunnet og media? Dei som mora seg hadde late alle forsøk på å finne ein raud tråd fare og las boka som ei samling episodiske hendingar, kanskje like greit?


onsdag 21. desember 2011

Kor mange dikt kan ein lese utan å bli heilt øren?

Nobelprisvinnaren i litteratur 2011 blei Tomas Tranströmer, poet og psykolog. Selskapet hadde lese eit utval av dikta hans og var samde om at her var det mange fine bilete, men og mykje vi ikkje forstod. Kva gjer ein då? Les eit dikt om gongen, nyt den vakre teksten og om diktet er heilt umogeleg å fatte, les eit anna dikt. Det er alltid ei god hjelp å lese høgt, gjerne saman. - men dikt er gjerne som musikk, det smyg seg inn til dei inste kjenslene og då er det ikkje så lett å dele slikt.Vi las litt for kvarandre og fann ut at dette må takast inn i små porsjonar!
 
 
 
 
FLYGBLAD

Det tysta raseriet klottrar på väggen inåt.
Fruktträd i blom, göken ropar.
Det är vårens narkos. Men det tysta raseriet
målar sina slagord baklänges i garagen.

Vi ser allt och ingenting, men raka som periskop
hanterade av underjordens skygga besättning.
Det är minuternas krig. Den gassande solen
står över lasarettet, lidandets parkering.

Vi levande spikar nedhamrade i samhället!
En dag skall vi lossna från allt.
Vi skall känna dödens luft under vingarna
och bli mildare och vildare än har.

            Tomas Tranströmer: För levande och döda. 1989
 
 

tirsdag 15. november 2011

Siste møte før jul!

Vi venta i spenning då vinnaren av Nobelprisen i litteratur 2011 vart offentleg og vi vart vel litt overraska då Tomas Tranströmer vann. Grunnen er vel at vi gjerne ville lese ein roman og ikkje dikt, slik han skriv. Løysinga på dette, vart at biblioteksjefen på Meland har funne fram eit lite utval dikt vi skal lesa og i tillegg skal vi lesa Tormod Haugland si bok Romberg. Vi møtast den 7. desember 2011 kl.19.00 på Lindås bibliotek i Knarvik. Alle er velkomne!

onsdag 9. november 2011

Har kunstnarar eit særleg gen?

Det var oktober og regnfrakkane var komne på, men dei frammøtte let seg ikkje merke av regn og vind for dei hadde lese om varme dagar på Tahiti. Boka om målaren Paul Gaugin og bestemor hans Flora Tristan er ei bok med mange innfallsvinklar. Vi snakka om kunstnaren som den utforskande og undersøkjande, han som sprengjer grenser for seg sjølv og andre. Bestemor Flora som vart gifta bort til ein brutal mann og for å redde seg sjølv og barna gjekk i dekning både her og der. Vi kunne ikkje heilt forstå at ho let ungane vere att i Frankrike og reiste til Peru for å prøve å få slekta til å gje henne ein del av arven etter far sin. Dei siste leveåra reiste ho rundt i Frankrike og agiterte for at arbeidarane skulle organisere seg og slik betre kåra sine. Vi opplevde nok Paul Gaugin som forfattaren sin eigentlege hovudpersonen, sjølv om kapitla veksla mellom han og bestemora sine opplevingar eit halvt hundreår tidlegare. Vi snakka om at kanskje kunstnarar har eit særleg gen, slik at omsyn til kone og barn må vike for kunsten. Tenk på kona til Gaugin som gifta seg med ein børsmeklar og enda opp med ein målar som var meir oppteken av sex med unge jenter på Tahiti enn å forsørgje familien?
Vi fann ut at han heile tida søkte mot fridom til å gjere det han ville, han leita heile livet etter det gode, det beste livet. Kva så med forfattaren si forteljing? Mario Vargas Llosa skriv denne forteljinga som ligg tilsynelatande tett opp til biografien. Han bruker personar som har levd og sjekkar vi Wikipedia ser det ut til at han følgjer livsløpet deira til punkt og prikke, men det er ein roman. Han går inn i hovudet på personane sine, han kommenterer handlingane deira, han beundrar og kritiserer vala dei gjer og han kjem med ertande og spørjande utsegn. Av høgdepunkt i romanen kan vi nemne: når Van Gogh og Gaugin bur saman, snakk om temperament (!),  når Gaugin kom til Tahiti og lagar meisterverket sitt - og tenk at han hadde med seg solsikkefrø - kanskje han tenkte på Van Gogh? - Og Flora og reisa hennar til Peru! - Vi trur at forfattaren hadde mykje moro med å skrive om forholda i Peru og ikkje minst krigen som dei eigentleg tapte, men vann likevel grunna sommel og rot. Denne boka står fram som eit av dette leseåret sitt høgdepunkt og det var alle dei frammøtte samde i.

torsdag 6. oktober 2011

Paradiset på det andre hjørnet

Oktober har kome og Selskapet har bestemt at i denne månaden skal vi lese Mario Vargas Llosa sin bok Paradiset på det andre hjørnet. Vargas Llosa vann Nobelprisen i 2010 for si verksemd som forfattar, men denne mannen er og kjend som politikar i Peru. Den spansktalande verda var begeistra over utnemninga og dei som har lese bøkene hans kjem og med begeistra ytringar. No vil det vise seg kva Selskapet får ut av denne boka! Vi skal møtast på Lindås bibliotek i Knarvik den 27. oktober kl.19.00. Ta kontakt med biblioteka om du vil delta og treng bok. Velkommen!

fredag 16. september 2011

Kor mange bøker var dette?

Hauststresset hadde felt fleire av Selskapet sine medlemmar då vi skulle samlast denne gongen, men dei som møtte opp hadde mykje så snakke om! Den gyldne notatbok er ei mangfaldig bok og som ei sa: Det er en bok som krever sin leser. Vi starta med ei oppklaringsrunde: Kor mange notatbøker var det eigentleg? Kven var gift med kven og i kva slags forhold var dei ulike personane til kvarandre - om dei då ikkje var gift?
Anna Wulf er hovudpersonen i boka, ho har skrive ein bestselgjar og lever av pengane frå denne. Ho skriver fire notatbøker som alle har ulik farge og tema. Det svarte notatboka fortel om Anna og vennene hennar når dei er i Afrika. Den raude handlar om når ho melder seg inn i kommunistpartiet og alle vurderingane ho gjer når ho etter ei stund melder seg ut. Den gule notatboka er eit manuskript der ho fortel historia om Ella og hennar intense kjærleiksforhold til Paul. Her diskuterte selskapet livleg om denne forteljinga eigentleg var Anna sin eigen forteljing om hennar forhold til Michael. I den blå notatboka skriv Anna om forholdet til venninna Molly, sonen hennar Tommy, Richard som tidlegare var gift med Molly og Marion som Richard no er gift med.( Er det rart vi trengde litt oppklaring?) Vi kjende oss igjen i dialogen mellom Molly og Anna. Dei er nære venninner, men vi vart slått av kor lojale dei er mot mennene i forteljinga - er det slik kvinner var den gangen og no? Tommy vart vi ikkje heilt kloke på, kvifor prøver han å skyte seg sjølv? Er det eit liv mellom to sterke kvinner og farens krav om å "bli til noko, helst som eg" som gjer at han får nok? Det vi alle syntes var merkeleg var at Anna skriv mykje om Tommy, men hennar eiga dotter Janet er omtrent ikkje nemnd. Ho bekymrar seg ikkje for henne og når ho vil begynne på kostskule, så får ho det sjølv om Anna sjølv ikkje har noko sans for dette valet. Vi spurte oss om Janet som mange unge kvinner i dag, ser på kvinnefrigjering og kvinnekamp som noko som er passert og ikkje gjeld for dei lenger. Vi var og innom kor frigjorte var eigentleg desse kvinnene? Frigjort i forhold til sex, men kva med relasjonane? Og sin eigen forståing av kva som skjer?
Anna skriv sitt liv ut i frå ulike perspektiv, dette gjer boka til ein mangfaldig lesaroppleving og det gjer rom for mange tolkingar av teksten. Vi fann ut at sjølv om vi hadde strevd litt med både Anna og alle bøkene hennar, så var dette ei bok som gav oss mykje å tenkje på - ei god kjensle av å ha lest ei svært bra bok.