onsdag 19. juni 2013

Siste møte før sommarferien!

Dette er seint, eg veit det! Siste møte i Nordhordland Litterære Selskap før sommaren vert på Lindås bibliotek i Knarvik tordag 20. juni kl.19.00. Vi skal samtale om Leve posthornet av Vigdis Hjorth, har du lest boka og gjerne vil snakke med nokon om den er du hjarteleg velkommen. Har du ikkje lese boka, men gjerne vil vite kva andre tenkjer om denne eller andre bøker (som vi lett kan komme innpå) er du og hjarteleg velkommen. Det er med andre ord berre å møte opp på biblioteket i Knarvik.

tirsdag 23. april 2013

Når alle lyg - kva skal vi tru på då?

Ja, dette snakka vi mellom anna om i Selskapet då vi var samla den 18. april og tok for oss den sist omsette boka til Elizabeth George: En løgn å tro på. Vi var nok samde om at denne forteljinga aldri vart så spennande at vi ikkje kunne riva oss laus, men når det er sagt hadde dei fleste ei fin stund, med god underhaldning.
For dei som ikkje hadde lese om kriminalispektør Thomas Lynley og hans nære medarbeider Barbara Havers, venene Simon og Deborah St. James og deira fortid saman, så var det mange utsegn som vart hengande i lufta og skapte litt forvirring. Våre røynde selskapsdamer lot seg ikkje skremme og klarte fint å lese både over- og underteks, lett som ingenting. Romanen denne gongen fører Lynley til Lake district og vakre Lake Windermere, det er Ian, nevøen til ein rik fabrikk eigar som har døyd. Lynley vert beden om å gjere undersøkingane i løynd av sjefen sin og difor ber han venene Simon og Deborah om hjelp.
Fabrikkeigaren og kona hans har to døtrer og ein son. Mignon, den eine dottera har vore utsett for ei ulukke som faren var skuldig i og ho bruker denne for å presse pengar av han. Manette den andre dottera er den einaste "normale" i familien. Ho er skild frå mannen sin, men dei bur saman av praktiske grunnar og dette er vel det einaste som bringer litt humor inn i romanen. Sonen Nick er gift med Alatea ei nydeleg dame frå Sør-Amerika med ei litt difus bakgrunn. Ian har gått frå kona og to barn etter at han oppdaga at han var homofil. Barna bur hos han og kjærasten hans ein ung mann frå Iran. Ex-kona vil helst ikkje ha noko med han eller ungane sine å gjere, men heller leve livet saman med ein slask av ein elskar. Her slo selskapet fast at denne dama var ikkje heilt i vater!
Simon og Deborah har sine eigne problem å stri med og dette fører til at Deborah blir sterkt kjenslemessig engasjert i kona til Nick, noko som berre fører elende med seg.
Selskapet undra seg over at det var så lite familiekjensle mellom alle desse menneska, det verka som det var lite som knytte dei saman. Dei i selskapet som har barnebarn vart nærast forarga over at besteforeldra ikkje hadde noko som helst omsut for barna til Ian - er dette mogeleg?
Det er mange uløyste konfliktar og boka viser eit komplekst samfunn. Forfattaren klarer å vise oss dei fleste personane som verkelege menneske, men vi spurde oss - korleis er det mogeleg å ikkje oppdage at "kona" har teke kjønnsskifte? Her vart vi vantruande...
Elles var det korrekturlesaren mellom oss som strevde mest, ho fann haugevis med skrivefeil og ønskte sterkt betre korrektur.

lørdag 9. mars 2013

Ei slags forklaring...

Bloggskrivaren har fått eit travlare liv, difor har det ikkje vore annonsert neste møte eller skrive rapport frå møtet som har vore. Kanskje er bloggskrivaren ikkje så flink til å delegere? Kven veit?
Ståa er no slik at den 6. mars hadde Selskapet eit forvitneleg interessant møte med Torill Steinfeld som snakka om Camilla Collett. Deltakarane i Selskapet var i mindretal sidan møtet var ope og menn og kvinner i sine beste aldrar var samla på Lindås bibliotek. Skrivaren kjem tilbake til møtet i ein annan post for no skal det annonserast at neste møte er 18. april kl.19.00 på Meland bibliotek. Boka vi skal lese er  Elizabeth George: En løgn å tro på.
Dersom du vil vere med på dette møtet kan du vende deg til biblioteka, eller du kan berre møte opp og sjå kva som skjer.

fredag 8. mars 2013

Orda kjem dansande mot deg

Sa ein av deltakarane i Selskapet då vi ein kveld i januar snakka om romanen Syngja av Lars Amund Vaage. Det var mange superlativ som sveiv i lufta då vi starta samtalen om denne sterke lesaropplevinga som boka er. Vaage skriv om dotter si G og hennar sjukdom som heilt endrar hans og familien sitt liv.  Han skriv om korleis han møtte kona si og sin eigen veg fram til å bli forfattar. Han skriv om oppdaginga av at G ikkje var som andre barn og trongen etter at ho skal bli bra att, at dei må finne ut noko slik at ho kan bli betre, bli funksjonsfrisk, ikkje vere den ho faktisk er. Korleis skal dei møte andre sine forventningar og spørsmål?
Så kjem erkjenninga av at G er den ho er, korleis kan han som far nå fram til dotter si, finne hennar språk? 
Vi kjende vel alle på maktesløysa, på denne kjensla av å gå i sirkel - for nokre gonger ser det ut til at G er på veg inn i vår verd, men så vender ho attende til sin eigen.
Vi får ikkje vite så mykje om G, men meir om kva for tankar faren gjer seg om henne, om hjelpeapparatet, om hendingar som gjev faren og oss hjartet i halsen - som til dømes då dei sit i bilen og G tek av seg bilselen, ikkje berre ein gong, men mange, mange gongar.
Det er ei flott bok, men vi var ganske samd i at vi blir ikkje berørt, forfattaren heldt ei klar distanse - som nok er for markert og fjerner ei mogeleg identifisering. Dessutan var det nokre som synest at forteljinga gjekk rundt og rundt, ein sirkel som var gjentakande og ikkje opnande.
Når dette er sagt var alle begeistra over språket, vakkert, presist, nydelege formuleringar som skapte fine bilete i hovudet. Det er ikkje så mykje å le av, men det var fleire som trakk kraftig på smilebandet då dei leste om forfattaren som forelska bussjåfør på veg mellom Odda og Utne. Dette er ei bok som gjer inntrykk, vi les gjerne fleire slike!

tirsdag 22. januar 2013

Januarmøtet

På januarmøtet skal vi snakke om Lars Amund Vaage sin bok Syngja. Vi møtast  den 24. januar kl.19.00 på Meland bibliotek. Velkommen!

fredag 21. desember 2012

Eit fantastisk tidsbilete

var det å lese boka "Å føde et barn". Forfattaren Kristina Sandberg har laga eit utruleg interessant og flott bilete av Sverige på 1930-talet med denne romanen, meinte Selskapet då vi var samla i starten på desember. Hovedpersonen Maj har reist frå den vesle heimbyen til ein større by for å prøve å komme inn på eit hotell som konditor. Ho får ein jobb i eit bakeri og der får ho ei venninne som ho og er saman med på fritida. Maj er forelska i Eirik, men han utnyttar henne og vil eigentleg ikkje binda seg til henne. Maj drømmer likevel om at det ein gong skal bli dei to, men på ein tur med venninna treff ho Thomas og etter mykje alkohol ligg dei saman og Maj blir gravid. Maj håper at det er Eirik sitt barn, men enkel hovudrekning avgjer at barnet er Thomas sitt og Thomas ber Maj gifte seg med han. Thomas er ein del eldre enn Maj, han har vore gift med Astrid tidlegare, men er no skild. Thomas bur i same huset som mora og er svært knytt til henne. Det var ikkje lett for Maj å bu så nær svigermora og dei får heller aldri eit nært forhold. Som ein i Seslakpet sa: "Ho var ikkje go, ho gamlo" Maj kommer får enkle kår, mora hennar har kokt i selskap til familier tilhøyrande same klasse som familien Maj no giftar seg inn i, altså øvre del av middelklassen. Maj har alltid beundra mora sine evner på kjøkkenet og ho var ofte med henne når ho var yngre, men det Maj gjorde var aldri godt nok. Når ho no skal gifte seg og få barn er det berre brørne hennar som reiser i bryllaupet og når barnet er fødd får ho inga helsing frå foreldra. Det ligg ein veldig lengsel i Maj for å få anerkjenning og ros frå mora, men det er og mykje skam og negative tankar som stengjer for kontakt mellom mor og dotter. Når det og viser seg at Thomas er alkoholikar som vippar over i aggressivitet får Maj endå meir å stri med.
Å få barn - dei godt vaksne damene hugsa godt kor lite dei sjølv visste om korleis ein skulle stelle eit nyfødd barn, alle tankane og uroa over ikkje å gjere "det rette" og opplevinga av at alle visste så mykje meir enn dei. Vi var alle imponerte over drivet i forteljinga og dei grundige undersøkingane forfattaren må ha gjort for å få alt rett både med kle, hus og mat. Ja, mat spelte ei stor rolle i boka, tenk på all maten Maj laga! Vi undra oss over dette vanskelege forhaldet mellom mor og dotter, at dei ikkje ein gong prøvde å snakke saman og særleg når mora var så sjuk. Spørsmålet om korleis Astrid klarte å få skilsmisse var og ei sak vi stansa ved, for på 1930-talet var vel ikkje det ein enkel sak?
Ein annan sak var dette med alkohol og svangerskap, her var det tydeleg andre reglar som gjaldt enn no i våre dagar. Vi kjende igjen trongen for å skjule alkoholproblem, ikkje si det som det er før krisa er total, men la både det eine og det andre "bli i familien". Selskapet var begeistra for boka, men syntes at ho til tider var litt lang og at den slutta litt brått. Når vi no fekk klarlagt at dette er første bok i ein trilogi vart vi letta, for denne historia har vi lyst til å følgje vidare. Ei kjekk bok å lese, lett, god skrift og vi vil så gjerne vite korleis det går med Maj og Thomas og den vesle dotter deira Anita. 

onsdag 14. november 2012

Desember møtet

Det siste møtet i 2012 vert på Meland bibliotek torsdag 6. desember kl. 19.00. Vi skal lese og snakke om boka Å føde et barn av Kristina Sandberg. Dersom de vil lese fleire omtalar av boka finnes det ein her. Vi har fått boka av Pantagruel forlag. Har du lyst til å vere med på samtalen? Ta kontakt med biblioteka!