onsdag 10. januar 2024

Første møte i 2024

AVLYST PGA KRAFITG SNØVÆR. NYTT MØTE 13. FEBRUAR!

Nytt år og nye møte for å snakke om kjekke bøker!

Vi startar 2024 med å lese Virginia Woolf: Mrs Dalloway.

Mrs Dalloway er ein av dei meste kjende romanane til Virginia Woolf og er skriven som ein slags film som zoomar ut og inn på personane "kameraet" har foran seg. Kva fekk vi ut av den? Den som kjem får vite...

Vi treffast tysdag 16. januar kl.19.00 på Alver bibliotek, avdeling Frekhaug.

Hjarteleg velkommen!

onsdag 3. januar 2024

Lett, lettgløymd


 Det var sjølvsagt altfor seint å ha møte i Selskapet rett før jul, men det møtte likevel opp nokre av dei faste deltakarane og alle hadde lese, ledd og mora seg over Gudrun Skretting si debutbok som forfattar av vaksen litteratur. Jau, det var morosamt å lese om Vilma og hennar ustøe gange i det sosiale livet, møte med presten Ivar, obduksjonsteknikkaren Robert, den døde faren og den utruleg sjarmerande Amdi. Samstundes var det ei smak av tragedie over Vilma sitt tronge liv, hennar manglande evne til å opne seg for andre menneske og hennar særlege evne til å mistolke situasjonar. No var selskapet meir i stemning til å le av alle dei merkelege hendingane Vilma kjem i, men det var og noko av det uforløyste i romanen, evna til å halde oppe både det morosame og det alvorlege. 

Vi møter altså Vilma som bur i eit hus i Oslo. Ein morgon ringer presten Ivar og obduksjonsteknikaren Robert på døra med bodskapen om at far hennar er død. No er det slik at Vilma ikkje visste at ho hadde ein far, ho har alltid levd med mora og grandtante Ruth og ikkje skjenka ein far mange tankar. Saman med den døde kroppen har presten funne mange brev som var stila til Vilma. Ho tek breva og les eit om gongen som ein slags adventskalender. Her vert det avslørt at Fredrik Mozart Sandvik skulle gifte seg med mor til Vilma, men ho reiser frå han då ho får vite at ho har ein livstruande sjukdom. Ho får Vilma, men døyr i ei ulukke når Vilma er fire år. Grandtante Ruth vil ikkje fortelle faren om Vilma og heldt difor både han og Vilma utanfor denne kunnskapen. Ruth døyr og Vilma lever åleine i huset. Når ho får kjennskap til faren og kjærleiken mellom han og mora kjenner ho på ei sterk sorg, men då er det godt å ha nokre venner som trengjer seg på. 

Selskapet mora seg over boka, men vi var og samde om at dette var ei lett og lettgløymd bok. Kanskje bra det i ei travel førjulstid der vi ikkje har tid til eit djupdykk i analyser og veldige kjensler.

onsdag 6. desember 2023

Desembermøtet 2023

 

På vårt siste møte i 2023 skal Selskapet samsnakkast om Gudrun Skretting sin roman: Tre menn til Vilma. Dette er ei julebok og ei kosebok, seier nokon, men kanskje ikkje alle er samde? Den som kjem på møtet tysdag 19. desember kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik avdeling får vite.

Har du lyst til å vere med å samsnakkast om bøker? Ta kontakt med biblioteket!

Varmt velkomne!

torsdag 23. november 2023

To bøker som gjer inntrykk


Selskapet hadde til dette møtet i november lese to bøker av Olaug Nilssen. For nokre av deltakarane var bøkene særs deprimerande og nesten umogelege å komme igjennom. For kven kan tenkje eller førestille seg korleis det må vere å leve med eit barn med autisme? For det er dette desse to bøkene handlar om. Tung tids tale er ein sjølvbiografisk roman som Olaug Nilssen har skreve om seg sjølv og sonen Daniel. Om korleis dei oppdaga at han hadde regresiv autisme. Dei første åra var han som ein kven som helst annan liten gut, men så mista han språket, vart utagerande og dei trong hjelp, mykje hjelp for ikkje å gå under. Vi får høyre om korleis hjelpeapparatet fungerer, eller ikkje fungerer. Vi får høyre om sorga over å ha "mista" den guten han ein gong var og kampen for anerkjenning på at han er der inne ein stad.

Den andre boka av forfattaren: Yt etter evne få etter behov har og tema om ein gut med autisme og familien som omgjev han.  Familien er foreldra Gudrun og Sverre, døtrene Rakel, Lea og Linda, sonen til Lea Benjamin har autisme og bur for tida hos Rakel. Lea har gjeve opp. Ho trur ho har posttraumatisk stress syndrom og ligg i senga og spelar Hay Day. Rakel er lærar, ho er den ryddige, ansvarlege og har tilsynelatande alt på stell. Linda er lege, er gift og har barn. Ho er særs flink til å fortelle foreldra kor lite omsyn dei tar til henne og hennar behov. Foreldra på sin side kjenner på skuldkjensle og tek på seg mykje barnepass og hjelper henne alt dei kan. Når Rakel vert sjuk og treng hjelp er det ingen der. Ho flippar heilt ut og den dagen stikk Benjamin av og heile familien må trø til for å finne han.

Selskapet meinte at forfattaren skriv godt, bøkene var lette å lese, og fleire likte bøkene særs godt sjølv om innhaldet var dystert. Vi vart imponert over dei som har barn med spesielle behov og som heldt ut i år etter år, som kjempar intenst for at barna deira skal få ha eit så godt liv som mogeleg. Vi fekk mykje å tenkje på og vere takknemlege for. Dette er gode bøker, vel verdt å lese!







tirsdag 14. november 2023

Novembermøtet

 

Når Selskapet skal treffast igjen skal vi samsnakkast om to bøker. Begge er skreve av Olaug Nilssen og har som tema barn med autisme og dei pårørande til barnet. Tung tids tale og Yt etter evne få etter behov er begge sterke romanar som det skal bli kjekt å snakke om. Vi møtast på Alver bibliotek, Frekhaug i det nye lokalet i underetasjen på rådhuset. Tysdag 21. november kl.19.00. Velkomne!

torsdag 9. november 2023

Oktobermøtet


Selskapet hadde møte utan skrivaren denne gongen, men dei som var samla hadde ein fin prat og likte romanen godt. Skrivaren har lese boka og har her laga ei lita omtale:

Har du lese Gutten i den stripete pysjamasen? Alt som er ødelagt er ein slags oppfølger til den boka.  I denne romanen av John Boyne møter vi Gretel Fernsby på 91 år, ho har budd i London i 70 år, men er fødd i  Tyskland. Gretel bur iMayfair i London i ein leilegheit som ho og mannen hennar eigde. Mannen er død, men Gretel har eit enkelt og behageleh liv. Hun prøver så godt hun kan å ikkje tenke attende på barndomen og ungdomen sin og hun gjer sitt ytste for at ingen skal interessere seg for henne. Dette går fint til ein ung familie flyttar inn i etasjen under. Hun vert kjend med den vesle sonen Henry og dei vert venner. Ein dag høyrer Gretel ein veldig krangel mellom foreldra og ho finn Henry i hagen der han prøver å gøyme seg vekk. Det vert tydeleg for Gretel at her er det meir enn berre ein krangel og for å redde Henry må hun gjere noko. 

I annakvart kapittel får vi høyre om Gretel sin barndom og ungdom. Hun vart fødd i Berlin, hun hadde ein veslebror, Bruno, faren var kommandant ved ein berykta konsentrasjonsleir i Nazi-Tyskland og mora treivst godt med å vere kona til en velståande mann. Etter krigen rømer Gretel og mora til Paris og opplever nokre vonde år der før Gretel flyttar først til Australia og så til London. Gretel veit at ho indirekte var skuld i at broren døyde. Ho prøver å leggje bak seg både fortida som barn av ein nazist og det ho gjorde ved å erte opp broren. Når ho ser kva faren i den unge familien gjer med kona og sonen vert ho opprørt. Endeleg tør ho å handle og slik gjere opp for gamle synder.

Det er ei fasinerande bok. Når Gretel møter den unge familien er det som dørene til fortida vert  sprengd og ho må tenke attende på livet sitt. Hun tenkjer på kjærasten Kurt som kom seg unna krigsforbrytelsene han var med på. Hun tenkjer på korleis ho og mora vart truga og utsett for vald i Paris og ho tenkjer på dattera som hun fødde for mange år sidan. 

Det er slett ikke naudsynt å lese Gutten i den stripete pysjamasen for å ha glede av denne boka, men den er også ei særs god bok, så kvifor ikkje? Alt som er ødelagt er ei interessant og flott bok - anbefalast!

 

torsdag 21. september 2023

Vi er våre val

 

Det var godt oppmøte då Selskapet samla seg for å snakke om septemberboka Det som forsvinner av Brit Bennett. Det første spørsmålet som vart stilt var: Er det mogeleg å gå som kvit? Vi snakka litt om fenomenet passing noko som er eit viktig tema i denne romanen.

Boka handlar om tvillingsøstrene Desiree og Stella som veks opp i ein bitteliten by i Sørstatane. I denne byen bur det svarte med lys hud og nokre av dei mellom anna Stella kan gå som kvit. Søstrene opplever at faren deira vert drepen av ein gjeng kvite menn som trenger seg inn i huset deira. Mora vert åleine og må forsørge seg og jentene med vask og husarbeid for andre. Jentene er flinke, men det er ikkje snakk om noko collegeutdanning for no treng mora hjelp for å få endane til å møtast. Stella kjenner på lengta etter å lære meir, medan Desiree er meir oppteken av å komme seg vekk frå byen og alt som er der. Ein dag set dei seg på bussen og reiser til New Orleans. Dei er ikkje meir enn seksten år, og veit lite om livet utanfor heimbyen. Dei får jobb og eit lite krypinn. Det er hardt, men dei er fulle av pågangsmot. Stella går på et kunstmuseum ein dag det berre er inngang for kvite og hun vert ikkje stansa. Denne opplevinga får ho til å føle ein form for friheit som hun ikke har kjent på tidlegare. Hun søkjer på ein jobb som sekretær i et kvitt firma, der den eineste kvalifikasjonen er at hun har ei vakker handskrift. Ho er kvalm av angst for å verte avslørt som svart, men ho får jobben. Desiree ertar henne, men Stella ser på dette som ein opning til å komme seg vekk. Sjefen ber henne bli med til Boston og ho takkar ja. Ho reiser utan å gje melding til Desiree og forsvin ut av livet hennar. Desiree er fortvila og lei seg. Ho leiter etter Stella, men ho er og blir borte. Desiree flyttar til Washington der ho får arbeid som fingeravtrykklesar for FBI. Ho treff Sam som er advokat, kolsvart og skal det vise seg særs voldeleg. Dei får ei jente, Jude, som er like mørk som faren, men etter fleire episoder der Sam heldt på å slå henne helselaus, rømmer ho med Jude til mora som framleis bur i heimbyen. Desiree treff igjen ein mann som ho var forelska i då ho var ung og dei vert kjæraster. Vi møter igjen Stella som nå bur i Los Angeles i eit særs pent kvitt område. Ho nyt å gjere ingenting, men alt endrar seg då ein svart familie flyttar inn i nabohuset. Bustadforeininga er i opprør og Stella er også med på at dei absolutt ikkje må få flytte inn. Det vert likevel slik at dei flyttar inn og Stella vert venn med kona i huset. Dei er mykje saman og ryktene går. Stella passar på hun berre er saman med si fargede nabo og dattera når dei ikkje vert sett av andre. Dette fører til ein konfrontasjon og Stella er igjen einsam. Stella og mannen har ei datter som liknar faren, svært lys med blå auge. Dattera, Kennedy, veks opp og begynner å stille spørsmål om mora sin barndom, men Stella vik unna. Jude har begynt på UCLA, men treng pengar og tek ekstrajobbar. På ein av disse treffer hun Kennedy og då hun ser mora, Stella, raser alle historiane om den forsvunne tvillingsøstera inn over henne.

Selskapet snakka om val, det å velgje vekk familie og i særleg grad å velgje vekk ei tvillingsøster. Korleis er det eigentleg mogeleg? Stella tviheldt på sitt kvite liv. Ho elskar fridommen det gjev ho og det gode livet ho har med mannen sin. Ho velgjer eit liv som set sterke grenser for kva ho kan gjere og kven ho kan vere saman med. Desire på si side er sjuk av lengsel etter Stella, leitar og set kjærasten til å leita også. Det er Jude som finn Stella, men ho vil ikkje ha kontakt med henne og ho vil ikkje at Jude skal ha kontakt med Kennedy dattera hennar. Dette er ei historie om sterke damer og om identitet. Kven vil du vere? Kven kan du vere og kva for val tek du? Selskapet var innom klasseskilje i det amerikanske samfunnet, men og korleis nordmenn har behandla samar og tatarar opp i gjennom tidene. Vi har ikkje mykje å vere stolte over der. Forfattaren skriv godt syntes Selskapet, men det var episodar vi ikkje syntes var heilt topp. Vi heia på Desire som rømde frå mannen og Stella då ho baka ei kake til naboen sin, var det ei opning til endring? Det vart jo ikkje slik, men det var ei gripande scene. Det var ei kjekk bok å lese syntes dei fleste i Selskapet og kan anbefalast til andre for her lærte vi noko om forholda i USA på 1960-talet, det var nyttig.