tirsdag 23. desember 2025

Kva skal vi lese våren 2026?

 

Vi startar det nye året 2026 med å lesa gjenombrotsromanen til Thomas Mann: Bruddenbrooks eller Huset Buddenbrooks som den og heiter i nokre utgåver. Vi las Trolldomsfjellet i 2024 og har eigentleg hatt denne romanen på blokka sidan. No samlast vi på Alver bibliotek, Frekhaug tysdag den 20. januar 2026 kl.19.00 for å samsnakkast om denne. Velmøtt!

 


 På møtet i februar skal vi samsnakkast om ein av Dag Solstad sine romanar, denne gongen: Genanse og verdighet. Det er ein roman på ikkje så mange sider, men det er mykje å snakke om her og det skal vi gjere tysdag 10. februar 2026 kl. 19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.

 

 

 

 

 

I mars er det tid for å lese og snakke om Birger Emanuelsen sin roman: Stasråden kommer. Vi møtast tysdag 17. mars kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug
 

 

 

 

 

 

 

 

Sidan vi har mange fridager i påsken får vi sikkert tid til å lese Niels Fredrik Dahl sin roman: Fars rygg.

Vi skal snakke om den tysdag 21. april kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug

 

 

 

 

 


 I mai legg vi ut på ei utfordrande lesing, vert det sagt. Vi skal lese og snakke om romanen Augustblå av Deborah Levy, ei engelsk forfattar som skriv litt meir intrikat enn det vi er vande med, men det kan bli fint! Vi skal samsnakkast om denne romanen tysdag 19. mai kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug

 

 

 

 

 


 Når vi har kome til juni skal vi lese og snakke om Toni Morrison sin roman: Kjærlighet. Det vert det siste møtet før sommarferien. Då skal vi treffast tysdag 16. juni kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug

 

Frå og med 2026 vil alle møta vere på biblioteket på Frekhaug. Du vil få melding frå biblioteket når boka kan hentast, men alle påminningar om møte og eventuelle endringar av møtedatoar vil opplysast på Messengergruppa Nordhordland Litterære Selskap. 

Då vil vi ønskje alle eit godt leseår og vel møtt til kjekke samtalar i 2026 

fredag 19. desember 2025

En studie i sorg

 

På det siste møtet i 2025 snakka deltakarane i Selskapet om den siste romanen Paul Auster skreiv før han døyde i april 2024. Romanen heiter Baumgartner og handlar om Seymour Tecumseh Baumgartner, ein forfattar og professor som hatar namnet sitt og alltid skriv S.T. Baumgartner i bøkene sine. Han heiter Sy blant vener, men prøver så godt han kan å halde mellomnamnet sitt hemmeleg. Vi møter Baumgartner når han er ein gamal mann. Han tassar omkring i huset sitt og leitar etter ting, vert distrahert og leitar etter noko anna. Han veit at han må ringe søstera, men gløymer det for her kjem ein mann som skal lese av målaren og då må han ned i kjellaren. I kjellaren har lyset gått og pæra må skiftast og der ramlar han ned trappa, slår seg, får hjelp av målaravlesarmannen og går til slutt og legg seg på sofaen og sovnar. Heldigvis for han er målaravlesarmannen ein snill og omtenksam person så Baumgarner får hjelp til alt. 

Baumgartner var gift med Anna, ho døyde for mange år sidan, men Baumgartner saknar ho, kvar dag. Ofte tenkjer han på tida dei fekk ha saman og særleg dagen då ho døyde. Anna skreiv dikt og andre tekstar, men ho ga dei aldri ut sjølv, men Baumgartner samlar ein del av dei og gjev dei ut posthumt. Han fordjupar seg i hennar arbeid og skriving slik at han ein dag opplever at ho ringer til han og seier at om han ikkje gjev slepp på henne vil ho for alltid vere i eit mellomliv, ikkje levande og ikkje daud. Han veit at dette er tankespinn, men saknet etter henne er overhendig. Baumgartner har hatt andre kjæraster etter at kona døyde, særleg Judith som og var ei god venninne av Anna. Då Baumgertner frir til Judith seier ho nei. Ho vil ikkje binde seg til ein mann ein gong til, men vil leve eit fritt liv utan å ta omsyn til andre. Baumgartner får etter ei stund ein førespurnad om å ta imot ein ung student som vil skrive om Anna sine dikt og tekstar. Han vert begeistra og dette gjev han nytt mot og ny energi.

Alle i Selskapet likte boka! Det er ikkje ofte, men denne gongen var det berre begeistring. Vi var samde i at her møter vi ein mann som er oppslukt av sorga over kona, som er einsam sjølv om han har vener og som prøver på sitt vis å leite etter ein ny start. Han tenker på livet sitt før han traff Anna, på mennesker han har møtt eller observert og som har gjort inntrykk på han. Det er mange små historier fletta inn i hovedhistoria og det er mange nydelege passasjer som kravde høgtlesing og undring. Til dømes dette:

Å leve er å kjenne smerte, sa han til seg selv, og å leve i frykt for smerte er å nekte å leve . s.50 

Vi kan ikkje anna enn å anbefale denne boka! - og med dette ønskje kvarandre god jul!

torsdag 27. november 2025

Kva vi trudde vi skulle få og kva vi fekk

 

Då Selskapet bestemde seg for å lese Kunsten å miste av Alice Zeniter var fleire overtydd om at her skulle vi lese om ei ung kvinne i Frankrike med slekt i Algerie. Vi fekk det og, men vi fekk så mykje meir! Denne romanen er ei forteljing om tre generasjonar. Boka er delt i tre delar og kva generasjon fortel si historie. Den første delen startar med Ali, den rike mannen som har så mykje lang og rikdom at han ikkje treng arbeide. Han og familien hans bur i den nordaustlege delen av Algerie. Ali hjelper franskmennene og har ein grei relasjon til kommandanten. Då FLN vert oppretta for å frigjere Algeri frå dei franske okkupantane vert kvardagen heilt anleis og Ali må etterkvart innsjå at det vert for farleg å bli buande. Han tek med seg kone og barn og dei vert plassert i ein flyktningleir. Det er eit gedigent fall i posisjon for Ali. Han kan ikkje språket, han er analfabet og han har tapt alle tilknyttingspunkt til samfunnet. Heldigvis har han sonen Hamid, ein intelligent gut som hjelper faren med å ta seg fram i det franske byråkratiet. I del to er det Hamid si historie vo får høyre. Han vil bli heilt fransk, han vil gløyme heimstaden, Algerie og alt som har med det som hende der. Han er smart, han lurar faren, men han får og møte fordommar og racisme. Han treff Clarissa og dei gifter seg og får fleire døtre. Hamid veljer å teie, han fortel ikkje noko om sin bakgrunn eller frå barmdommen sin. Han går helst ikkje på besøk til foreldra, han vil på alle måtar velje vekk alt som knyt han til Algerie. I del tre er det ei av døtrene til Hamid som er hovudpersonen. Naïma arbeider i eit kunstgalleri og sjefen hennar vil at dei skal ha ei utstilling med ein algirsk kunstnar Lala. Problemet er at Lala er kreftsjuk og arbeidene hans er stort sett i Algerie. Noko er eigd av den førre kona hans som bur i Algerie og noko må hentast frå museum i Algerie. Sjefen hennar vil at ho skal ta kontakt med Lala og reise til Algerie for å gjere avtaler om utlån av verka. Naïma vegrar seg, men når ho møter Lala vert ho nysgjerrig og det ender med at ho reiser trass alle motførestillingar.

Då Selskapet las bak på boka trudde nokon av oss at her skulle  alt handle om Naïma, men istaden fekk vi ei innføring i historia til Algerie og alt som hende på 1950-talet og framover. Dette var overraskande, men langt i frå ei ulempe. Vi hadde alle ei kjensle at her lærte vi noko viktig om eit land som vi visste særs lite om. Vi snakka om innvandrarar og deira posisjon i samfunnet, om avstanden nokon treng til si historie og om kor utruleg vikitg språk er. Språket skiller oss om vi ikkje kan det og språk vi kan snakke saman bind oss saman. Denne romanen har fått fleire prisar og det er fortent! Slik som forfattaren beskriv relasjonane mellom folk er heilt eineståande. Vi anbefalar denne boka!

tirsdag 28. oktober 2025

Ei ukjend verd

 

Å lesa Den siste revejakta av Ingvar Ambjørnsen var som å stiga inn i ei heilt ukjend verd for Selskapet sine medlemmar. Så mykje dop, så mykje vald og så utruleg mykje pengar som dette handla om. 

Forteljaren i romanen heiter Carl F. Vang (og dei som veit at boka kom ut i 1983 veit og at Karl Evang var ein markant person innanfor helsesektoren på den tida). Carl skal no gjere sin siste transport og sal av hasj og ikkje noko må gå gale. Det går nesten bra, men så døyr kjærasten til bestekammeraten hans, Robert av ei overdose og Robert vil ha hevn. Dette passer ikkje inn i planane til Carl for no kjem dei verkeleg farlege folka for nær dei han er glad i. Han må få sambuaren og dottera hennar ut av huset slik ar dei er trygge. Det er vert hektisk, det vert svett og det går litt i ball for både den eine og den andre...

Selskapet sleit seg igjennom boka for her var det eit sterkt forsvar for hasj, berre fine greier.. medan heroin var raskaste vegen til død og forderving. For oss var det mange framandord, men sakte skjøna vi litt meir. Carl tenkjer ikkje langsiktig, han tenkjer berre fram til denne "jakta" er over, men kva då? 

Denne romanen var den andre Ambjørnsen ga ut og dei som har lese seinare bøker av han vil nok undrast over dette nonsjalante, skvaldrande språket og den utruleg seine framdrifta i handlinga. Det er berre innimellom at vi ser spor av det som skal komme av glitarande ordkunst og setningar som dirrar. Det var når vi møtte på desse stundene at vi kom oss gjennom boka og at vi eigentleg er glad for å ha lese ho.

torsdag 25. september 2025

Pandemien - vi glemmer hvordan det var

 

Selskapet hadde til dette møtet lese Elizabeth Strout sin roman: Lucy ved havet. Det viste seg at dette var fjerde boka i rekka om Lucy Barton hovedpersonen i boka og det gjorde nok deltakarane litt forvirra i starten. Boka var godt likt av alle, men vil den bli ståande som ei bok vel verdt å lese om nokre år? 

Boka handlar altså om Lucy Barton som er forfattar og bur i New York. Ho mista den andre ektemannen sin for eit år sidan, året er 2020 og den førre mannen hennar William kjem for å ta henne med til eit hus han har leigd i Maine. Det er pandemi, men Lucy som ikkje les aviser eller ser på nyhendesendingane på TV er heilt framand for dette. William er særs insisterande og ho vert med han. Ho pakkar berre ein liten koffert for dette skal ikkje vare så lenge. Han tek med seg laptopen hennar for William er vitskapsmann og anar nok at denne pandemien kan ta tid. Dei kjem til Maine, finn huset og lagar seg ein kvardag der dei lever fredeleg med kvarandre. Dei har to døtre saman og Lucy er bekymra for dei. Den eine bur i New York med ein mann ho vil skilje seg frå. Den andre i Connecticut med mannen sin som er lungesjuk. William har ei ny kone, som han er skild frå og han har ei dotter med henne. Dei har begge folk dei er uroa for og dei høyrer om familie og venner som blir sjuke og nokon døyr. Midt i dette skal dei leve og gjerne utrette noko. Lucy skulle eigentleg reist på bokturne til Italia go Frankrike, men dette blir sjølvsagt avlyst. I staden går ho tur, anten åleine eller saman med Bob ein av William sine venner. Lucy føler at Bob verkeleg høyrer på henne. Ho snakkar med han om alt mogeleg og han svarer oppriktig. Bob er gift med Margaret ho er prest og travel. Bob er advokat og ein slik mann kan vere god å ha. Det er nokre som ikkje liker at folk frå New York kjem til Maine for å unngå pandemien. Dei skriv plakatar utanfor huset og Lucy vert engesteleg. Då kjem Bob med nummerplater frå Maine til bilen deira og problemet er løyst. William er aktiv og ordner det slik at Lucy og døtrene får treffast, med to meter avstand og munnbind, men det gjer Lucy godt. Døtrene på sin side er ikkje heilt sikker på William sine intensjoner, er han ute etter å manipulere mora?

Forfattaren skriv munleg. Det er som om Lucy sit ved sida av oss og fortel om kva ho har gjort og tenkt i det siste. Det er lett å lese, det er underholdande og gjennom små setningar er det som ho trekk seg attende og slår noko fast. Til dømes når Lucy skal prøve å forstå andre menneske sine handlingsmønstre og det ikkje går så seier ho: "Jeg tenkte som meg selv". Vi reflekterte litt over dette og kjende oss vel litt att...

Selskapet snakka om korleis vi hadde det under pandemien. Veldig roleg for nokon og eit strev for andre. Uro for familie som måtte vere på jobb og for dei som var sjuke. Vi snakka om korleis vi innretta oss og kor heldige dei av oss var, som kunne gå ute i naturen.  Vi konkluderte med at boka var koseleg å lese, men vert ho eit monument i litteraturen? Antakeleg ikkje, men underhaldning er heller ikkje dumt.

tirsdag 2. september 2025

Korleis var lese-sommaren?

 

Sommarlesinga til Selskapet var ei reise tilbake i tid både den nære fortida og den fjerne. Beatles er romanen som ga det store gjennombråtet til forfattaren Lars Saaby Christensen

I romanen møter vi dei fire gutane Kim, Olav; Gunnar og Seb. Dei bur i Oslo i den vestlege delen av byen og tilhøyrer middel klassen dei har nettopp oppdaga dette fantastiske bandet The Beatles. Det er høgtid når dei lyttar til platene og det er nær hysterisk stemning når det kjem ei ny plate frå heltane. Dei samlast på rommet til ein av dei og lyttar andektig. Det er Kim som er forteljaren og det er han vi stort sett føljger gjennom kjærestar, merkelege handlingar og forholdet til dei tre andre gutane. Vi følgjer dei frå våren 1965 og til sommar/haust 1972. I løpet av denne tida har dei gått igjennom barneskulen, realskulen og nokre av dei gymnaset. Dei har reist til København på fotball turnering og dei har reist til Paris på leit etter ein villfaren venn. Forfattaren skriv på ein overtydande måte om vennskapen mellom dei fire. Han skriv om miljøet på ein slik måte at ein kan kjenne seg att i gatene i Oslo. Det er nokre episodar der ein kan le høgt og nokre som set tårekanalane i gang.


Den andre boka vi las i sommar var Overtalelse av Jane Austen. Forfattatern feirar 250 års jubileum og det er stor merksemd rundt bøkene og livet hennar. Overtalelse er den kortaste romanen hennar og handlar om Anne som let seg overtale til å seie nei til frieriet til kaptein Wentwort då ho er nitten år gamal. Han reiser ut og tek del i Napoleons krigane, tener mykje og får rang som kaptein på grunn av innsatsen sin under krigen. Anne er den neste eldste dottera til ein baronett, Sir Walter. Han sløser med pengane slik at han og dei ugifte døtrene må leige vekk godset og flytte til Bath for å bu billegare. Den tredje dottera til Sir Walter er gift og Anne hjelper henne med barna.  Godset til Anne sin familie er leigd ut til Croft og kona hans er syster til kaptein Wentworth. Han kjem på besøk til dei og møter Anne att. Kjenslene mellom dei er ikkje over og då kan vi tenkje oss korleis det går. 

Selskapet har nokre deltakarar som elsker Jane Austen! Ei hadde til og med lest denne romanen tjueto gonger. Kva er det som er så fasinerande med hennar romanar? Vi henta fram ord som : ironi, et venleg men skarpt blikk på personane, framheving av karaktertrekk, humor og ei forståing for klassesystemet og kor avgjerande det var for ei kvinne å verte gift. Jane Austen skreiv seks romanar, dei burde lesast stadig vekk!

Problemet med å lese romanar om sommaren er at det er lett å gløyme detaljar og ting vi absolutt burde hugse - for sommaren er lang og det vert lese mykje anna i løpet av desse to månadene. Så det var ikkje lett for Selskapet å falle ned på kva vi meinte om desse bøkene, men dei var gode og vi kan lett anbefale begge to - om nokon spør...

torsdag 28. august 2025

Hausten 2025 - dette les vi i haust

 

Det er haust og Nordhordland Litterære Selskap startar lesesesongen med Elisabeth Strout og hennar roman Lucy ved havet. Boka handlar mellom anna om pandemien, men og om mykje meir. Det er berre å gle seg! Vi snakkar om boka tysdag 23. september 2025 kl.19.00 på Alver bibeliotek, Frekhaug

 


I sommar døyde Ingvar Ambjørnsen, ein forfattar som Selskapet samla sett ikkje har lese bøker av. Om ikkje før, så no er tida inne til å lese Ambjørnsen og ikkje berre se kjekke filmar om Elling, ein av karakterane i bøkene hans. Vi skal lese Den siste revejakta. (1983)Det er ein av dei første bøkene han skreiv og ein av dei som var med på å sette han på det litterære kartet. Vi møtast tysdag 14. oktober kl. 19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug. 

 

 

 


Når vi skal samlast i november skal vi snakke om romanen Alice Zeniter fekk den prestisjetunge prisen Le Prix Goncourt des lycées : Kunsten å miste. Det er ein roman om identitet, kven er du når familien din kjem frå Algeri og kven er du i Algeri når familien din vert sett på som forrædarar? Vi snakkar om boka tysdag 25. november på Alver bibliotek, Frekhaug

 

 


Før ferien hadde vi lese og snakka om Siri Hustvedt si bok: Denne flammende verden, så kvifor ikkje lese ei bok av mannen hennar Paul Auster? Vi har vald å lese den siste boka han ga ut før han døyde i 2024. Boka vi skal lese er Baumgarten, ei lita bok som kan passe å lese i den travle desember månaden. Vi møtast tysdag 16. desember kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik 

 

 


Vi  vonar jo alle på eit leseliv etter nyttår og! Så vi har allerei tenkt ut kva vi skal lese i juleferien: -Sidan vi framleis er i jubileumsåret for Thomas Mann skal vi lese Buddenbrooks. Boka handlar om familien Buddenbrook og deira fall. Det er kanskje litt dristig å lesa slikt midt i den heftigaste familiefeiringa, men kven veit, det kan og vere ting å hente frå litteraturen som kan vere til oppmuntring. Får du det for travelt i jula er det likevel god tid til å lese for Selskapet skal ikkje samlast før tysdag 20 januar 2026 kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.

 

 

Har du lyst til å vere med i Nordhordland Litterære Selskap? Ta kontakt med biblioteket og sei i frå! Du er varmt velkommen!

God lesehaust! 

torsdag 10. juli 2025

Sommaren 2025 les vi.

 

Selskapet gjer som vi har gjort dei seinare åra: Vi har valgt ut to romanar som vi skal lese i sommar. Den eine er Lars Saaby Christensen: Beatles og den andre er Jane Austen: Overtalelse 

Overtalelse vart utgitt året etter at Jane Austen døde. Boka vert omtala som ein av dei meir satiriske romanane hennar.  I år er det 250 år sidan ho vart fødd, så det er god grunn til å lese bøkene hennar.

Beatles var Lars Saaby Christensen sitt gjennombrot som forfattar. Han hadde fått utgjeve fleire bøker tidlegare, men det var med denne boka han fekk eit stort publikum. Boka har fått mange prisar og har vorte omsett til fleire språk.

Om du har lyst til å lese desse og vere med på samtalen om dei så ta kontakt med biblioteket.

Selskapet skal samlast den tysdag 26. august kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik.  

Velkommen!

onsdag 18. juni 2025

Ei krevjande bok, men var ho god?

 

Den siste boka Selskapet skulle snakke om før ferien var romanen Denne flammende verden av Siri Hustvedt. Vi hadde lese omtalar og i desse vart vi åtvara om at boka var krevjande - og det var ho! Ikkje alle av dei frammøtte hadde klart å kome seg igjennom boka og andre hadde ønskt seg meir tid til å lese og reflektere for her var det mykje å forhalde seg til.

Boka startar med at redaktøren skriv ei innleiing om Harriet Burden og livet hennar. Redaktøren er ein professor V.I.Hess som vil utforske livet til instalasjonskunstneren Harriet Burden. Harriet Burden er død og det er gjennom hennar notatbøker og intervju med personar ho hadde ein relasjon til at vi får sett livet henner frå fleire kantar. Harriet eller Harry som ho og vel å kalle seg var gift med ein kjend kunstsamlar. Dei fekk to barn saman og Harriet la dei kunstneriske ambisjonane sine noko til sides for å vere oppmerksam kåne og mor for familien sin. Ho var sjølv einebarn og opplevde at far hennar helst hadde sett at ho var ein gut. Mor hennar sette aldri nokre krav til mannen, men lærde Harriet korleis ting skulle vere. Mannen til Harriet døyr plutseleg og sjølv om ho har arbeid med kunst heile sitt liv har ho ikkje fått noko hjelp frå mannen. Ho veit at ho må kjempe for å få anerkjenning i ei verd dominert av menn og ho møter stadig motstand på ein slik måte at ho finn ut at her må andre midlar takast i bruk. Ho lager kunstverk som ho kallar Maskeringar, desse lar ho tre menn sette namnet sitt på slik at det ser ut til at det er dei og ikkje ho som har laga dei. Den første er ein ung, ukjend mann som ho lærer opp slik at han får eit ferniss av kunnskap. Utstillinga vekker oppsikt, men den unge mannen klarer ikkje å levere meir enn "denne eine utstillinga" så han går fort  i gløymeboka. Den andre mannen er skodespelar, mørk og skeiv - det kunne ikkje vore betre! Men denne mannen får omsorg for Harriet. Han passar på henne, han skjønar frustrasjonane hennar og hans organiserer huset hennar slik at ho ikkje vert lurt av snyltarar. Den tredje mannen er ein kjend kunstnar og han heldt seg ikkje til avtalane dei har gjort og Harriet sitt raseri tar av. 

Selskapet hadde ei viss beundring for Harriet for ho gjev seg ikkje. Ho vil skape kunst, ho vil ha ein plass i kunstverda og ho vil kome fram med bodskapen sin. Ho er sjølvsagt prega av oppveksten, trongen til å bli elska av faren og vere den eine for mannen sin (som i røynda hadde mange forhald både med kvinner  og menn). Vi snakka om kor vanskeleg der er å nå fram i kunstverda og det innelukka miljøet Harriet måtte forhalde seg til. Hustvedt beskriv samfunnet på ein intens måte,  og vi snakka om korleis mange kvinner faktisk måtte utgje seg for å vere menn for å komme inn på studier og delta på ulike områder. Hustvedt skriv godt, men dette er likevel ei ganske slitsam bok å lese for her er det "namedropping" og fotnoter i mengder. Dette gjer at lesinga vert oppstykka. Harriet sitt liv vert granska gjennom mange auge og vinklingar, og dette gjer at flyten i romanen vert borte. Det var nokre som spurde seg: er dette ein roman eller dokufisjon?

Det er mange gode sitat, setningar som står ut og vert små perler som vi gjerne vil hugse, men vi les nok ikkje denne boka ein gong til... 

onsdag 30. april 2025

Kvinnefellesskap

 

Deltakarane i Selskapet likte romanen Bomullsengelen av Susanna Alakoski. Bomullsengelen er første bok i serien på fire og den handlar i hovudsak om Hilda som kjem frå ein særs religiøs familie. Far hennar har reist til Amerika og mor hennar har fått "stiresjuken" - Selskapet meinte at ho lei av fødselsdepresjon. Hilda si redning vert Sanna-Täti som bur på legd hos familien. Hos henne finn Hilda både trøyst og tryggleik og ho lærer henne å lese og skrive. Hilda er ei flittig jente, men når ho forelskar seg i presten og han gjer ho gravid vert ho jaga frå familien og må finne seg arbeid på ein gard eit stykke unna. På denne garden treff ho Helli og dei vert venninner. Barnet Hilda får dør etter kort tid og ho er full av sorg og lengtar tilbake til familien. Helli derimot er full av utferdstrong og vil at dei skal dra til Vasa og få seg arbeid på bomullsfabrikken. Dette strir i mot alt Hilda har lært og familien hennar står for, men etter eit år med vurderingar fram og tilbake, drar dei og får arbeid på fabrikken. Det er lange dagar, men samanlikna med arbeidet på garden er det mykje fritid og dei tener eigne pengar. Hilda forelskar seg i Arvo, dei giftar seg og får ei jente som Hilda kallar opp etter Greta Garbo. Nokre år seinare får dei ein gut som dei kallar Jonni etter skodespelaren Johnny Weismüller. Helli vil starte ein fagforeining, men fagforeninger er forbode så i staden starter hun eit kor, Aurora. Kor kan vere så mykje og ut i frå dette koret spring det ut fleire aktivitetar. Ei av deltakarane i koret lager til reiser for damene på fabrikken, og desse turane er eventyrlege opplevingar med ferdiglaga mat og oppreide sengar. Vi følgjer Hilda til ho er i femti åra og dottera har reist til Sverige og har planar om å reie til London.

Selskapet syntes samhaldet mellom kvinne på fabrikken var sterkt og gleda over turane dei fekk var rørande. Arbeidet på garden var hardt, hardare enn i dag og det same med arbeidet på fabrikken. Vi snakka om venskapen mellom Hilda og Helli, dei var så ulike, men samstundes var dei oppriktig glade i kvarandre og ei viktig støtte for kvarandre. Vi får små glimt av personane som eig fabrikken og klasseskiljet mellom arbeidarane og eigarane. Boka gjev eit godt innblikk i tilhøva for arbeidarane og kor avhengig dei var av konjunkturane ute i verda for å få arbeid. Det er ei gripande forteljing og lett å lese. Det einaste minuset er at boka snurpar seg raskt saman på slutten, men det er tre andre bøker om same familie så den som vil vite korleis det går med Hilda og borna hennar får lese dei følgjande bøkene. Denne kan vi anbefale!

onsdag 2. april 2025

Ein klassisk trettiårs krise?

 

Ja, er denne romanen ein klassisk trettiårskrise vart det spurd då Selskapet samla seg for å samsnakkast om Sally Rooney sin roman Skjønne verden hvor er du. Romanen dreiar seg rundt fire personar Alice, som er forfattar, ho har tent mykje på bøkene sine, men ho har og hatt eit mentalt samanbrot som ho no er restituert frå. Vi møter Felix som Alice treff via ein datingapp. Felix arbeider på eit lager og har så langt han seier aldri lese ei bok. Venninna til Alice, Eileen arbeider i eit litterært magasin og skriv lange epostar til Alice. Simon er vennen/kjærasten til Eileen, han arbeidar som politisk sekretær. Det er særleg Alice og Eileen som fører ordet i denne romanen. Dei to skriv til kvarandre om tankar dei er opptekne av og lite om dagleglivet. Dei famlar rundt i livet på leit etter identitet og eit mål med tilveret. Simon er kristen og dei forundrar seg over at han kan tru. Samstundes ønskjer dei seg noko av det han har, men gjer ikkje noko med det. Felix observerer Alice og vennene, og når dei til slutt kjem på besøk stiller han spørsmål om dei som får relasjonane til å vakle. Dei får alle sett liva og handlingane sine under lupa og det ryster dei, men dette får dei og til å vere ærlegare mot kvarandre og til slutt eigentleg styrke relasjonen. 

Selskapet var ikkje så veldig begeistra for boka. Forfattaren skriv veldig godt. Ho klarer å fange ein augneblink og bygge det ut til å verte noko mykje større. Det er fasinerande og godt gjort. Boka er ordrik og det gjer framdrifta ikkje helt god. Dei fire karakterane som vil følgjer er på kvart sitt vis isolerte. Dei liknar på kvarandre ved at dei ikkje er særleg interessert i arbeidet sitt, ikkje politisk interessert og heile tida på jakt etter kva livet kan by på utan å anstrenge seg for mykje. Vi spurde oss: skjer det ei utvikling i personane? I liten grad, men Felix viser nye sider ved seg sjølv og gjer han til ein interessant person. Det bur meir i han enn det vi først ser. 

Kan vi anbefale boka? Tja, vi kan anbefale forfattaren for ho skriv godt, andre bøker han gjeve ho fleire prisar, men denne er nok ikkje hennar beste.

torsdag 27. mars 2025

Bøker vi skal lese i april, mai og juni 2025


 I andre kvartal av 2025 startar vi med å lese Bomullsengelen av Susanna Alakoski. Dette er den første boka i ein kvartett der tredje bok allereie er komen og den fjerde skal kome ut i 2026. Selskapet skal samsnakkast om boka tysdag 22. april kl. 19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug. 

I mai skal vi lese ein roman frå Nigeria. Dette er debutromanen til Abi Daré med tittelen "Jenta som fikk en stemme" boka har vorte nominert til fleire prisar og har fått mykje merksemd av di ho skriv om forholda i Nigeria og kor viktig utdanning er. Vi skal møtast tysdag 20. mai klokka 19.00 på Alver bibliotek, Knarvik.
 

Som siste bok før ferien tek oss skal vi lese Siri Hustvedt: Denne flammende verden  Denne romanen vert omtala som krevjande men god, så då har vi noko å gle oss til når vi kjem så langt. Vi skal treffast tysdag 17. juni klokka 19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.

 

Har du lyst til å vere med i Nordhordland Litterære Selskap så ta kontakt med biblioteket slik at du får tak i bøkene og dei kan sende meldingar til deg. Eller berre møt opp. 

Varmt velkommen!


tirsdag 18. februar 2025

Kvifor heiter boka Ren?

 

Ja, dette var det første Selskapet spurde kvarandre om då vi var samla. Boka denne samtalen handla om var romanen Ren av Alia Trabucco Zerán ein chilensk forfattar som vi ikkje hadde lese noko av tidlegare. I romanen møter vi Estela som er hushjelp i ein liten familie. Det er ho som fortel og det er ho som vektlegg alt dei gjer og seier. Mannen i familien er lekjar og kona har ein viktig og travel jobb. Dei får eit barn, ei jente som dei kallar Julia. Estela kjem frå syd i Chile og bur no i nord hos denne velståande familien. Ho vart tilsett av di ho kunne lese og skrive og så representativ ut. Romanen startar med at vi får vite at dottera i familien er død. Estela sit innelåst på eit rom og fortel historia si. Ho begynner heilt frå første dag og vi får og glimt av livet hennar frå før ho begynte arbeidet sitt hos denne familien. Ho vaskar alt og alt i huset skal vere reint, ryddig og glattpolert. Julia skal vere best i klassen og ho er flink. Ho skal spele piano, men det vil ho ikkje så ho øydelegg fingrane sine slik at ho slepp. Ho skal lære seg å svømme og det skjer ved at faren kaster henne ut i bassenget og ho må sjølv få seg ut av det. Dette gjer han om og om igjen til ho meistrer svøminga. Estela observerer det som skjer i familien og er ein rasande forteljer slik at lesaren vert dergen inn i forteljinga. Estela lengtar etter mora, men veit at ho må arbeide for at ho skal få pengar til medisiner. Så ho vert buande hos familien, men då uroa i byen bryt seg inn i det avsondra livet dei har vert både ho og familien rysta og livet tar ei heilt ny vending.

Fleirtalet av dei frammøtte i Selskapet likte boka. Det var som ein pageturner var det ei som sa. Vi visste at ein person var død, men korleis skjedde det? Dette fekk vi vite etterkvart, men det var så mykje meir her. Vi snakka om Estela og einsemda ho levde i heilt til ho møtte Carlos og hunden ho kallaYany. Estela viste kjærleik til Julia, sjølv om ho var eit vanskeleg barn. Dei to andre i familien heldt ho på god avstand. Det var ei vond bok å lese for Estela er så rasande og masete, samtstundes så er ho så insisterande i si forteljing at vi må følje med. Romanen er midt i alt ei fasinerande bok, og forfattaren skriv på ein spesiell og interessant måte. Vi kan anbefale denne!

fredag 24. januar 2025

Ei bok som utfordrar lesaren

 

Selskapet var samla for første gong i det nye året og boka som vi skulle snakke om var William Faulkner: Lys i august. Nå var det omlag halvparten av dei frammøtte som ikkje hadde lese heile boka og det satte naturleg nok preg på samtalen. Likevel, ein samtale om ei bok ein har hatt litt strev med kan ofte vere motiverande for å fortsette lesinga og faktisk få lest heile boka. Dei som hadde lese alt kunne absolutt seie seg samde i at boka hadde sine utfordringar. Romanen vandrar fram og tilbake i tid. Vi veit ikkje alltid i starten på kapittelet kven forteljinga handlar om denne gongen, så denne boka ga oss nokre utfordringar. Denne romanen skal vere den mest tilgjengelege av William Faulkner sine bøker, så korleis er dei andre då? Ja, dette skal vi la ligge og heller seie litt om innhaldet.

Handlinga i romanen er lagt til sørstatane har fleire hovudpersonar. Vi møter først Lena Grove, ei foreldrelaus jente/kvinne som er gravid og på leit etter mannen som gjorde henne gravid. Ho reiser åleine, utan pengar og utan sko, men har ei tru på at ting vil ordne seg. Ho får hjelp frå dei ho møter og dei let ho sitte på med dei, gjev ho mat og husrom og prøver å leie henne i retning av der mannen kan vere. Vi møter Joe Christmas som barn på ein barneheim for kvite forledrelause barn. Han vert adoptert av eit ektepar der mannen bankar han for den minste ting. Han veks opp og rømmer frå dei. Joe Christmas veit ikkje om han er svart eller kvit og mens han veks opp prøver han seg fram i ulike miljø. Han er ikkje kvit nok for dei kvite og ikkje svart nok for dei svarte. Han er i eit ingenmannsland. Når Lena Grove kjem til Jefferson der ho har høyrd at mannen hennar Burch er treff ho Byron. Han er ein mann som ingen veit så mykje om. Han arbeider i same bedrift som Joe Christmas og Burch (som no har skifta namn til Brown). Han vert forelska i Lena og vil gjere alt for å hjelpa ho, men Lena vil berre finne mannen sin. Likevel vik ikkje Byron frå sia hennar og er den som hjelper ho når ho skal føde barnet. Joe Christmas får bu i ei "negerhytte" hos Johanna Burden ei rik dame frå nordstatane. Dei to har eit forhold, men Joe synest ho er både gamal og påtrengande. Ho vil testamentere alt til han, men han vil ikkje vere bunden til henne. Vi møter og presten Hightower, ein mann som har vorte fråteken arbeidet sitt av di forsamlinga han var prest for ikkje likt forkynninga hans. Han var nærast besett av bestefaren og historia hans, sjølv på preikestolen tok han fram historia om bestefaren og dette vart for mykje for folk.

Det skjer mange dramatisk ting i romanen og det er ikkje ein lukkeleg slutt, men Faulkner skriv slik at ein vert gåande og tenke på dei. Selskapet slo fast at vi kan umogleg sette oss inn i korleis folk hadde det. Det er raseskilje, det er klasseskilje, det er bruk av vald mot både barn og vaksne og sjølv om vi tenkte tilbake på det norske samfunnet på den tida då klasseskiljet var meir tydeleg enn no så var det nok ikkje så mange som opplevde rein rasisme på same måte som Faulkner skriv om her. Sjølv om boka var utfordrande å lese så er dette ein særs god roman - som anbefalast!