torsdag 11. desember 2008

Ein familie med mange fasettar



Samtalen om Bastarden fra Istanbul starta med ein apperitiff frå forlaget si internett side. Det var lagt ut ein liten filmsnutt som ga oss både eit visuelt inntrykk frå Istanbul og ein smakebit av teksten. Vi tok med oss bileta og lot smaken av clementinar, nøtter og kaffe bygge opp under opplevinga av boka. For denne boka var full av matopplevingar! Til og med oppskrifter! Kvart kapittel hadde sin tittel som og sa noko om kva vi ville oppleve her. Vi spurde oss sjølve om kven som var hovudpersonen, ja var det eigentleg mogeleg å finne ein hovudperson? Vi kom raskt fram til at her hadde faktisk kvar og ein av oss funne "sin" hovudperson, for her myldra det av personar som kvar på sin måte ga si historie.

Dei som fører historia framover er dei to jentene Asya og Armanoush. Asya, bastarden, bur i Istanbul saman med mora ( som ho kallar
tante) og dei andre tantene. Asya elskar Johnny Cash, nektar å gå på ballettundervisning og har ein gammal mann som elskar. Armanoush, har armensk far og amerikansk mor bur i USA, litt hos mora og litt hos faren. Mora gifter seg oppatt med onkelen til Asya og slik får Armanoush nyss om at her finnest det ein familie, som kanskje kan gje ho meir informasjon om bestemora og hennar historie. Armanoush er vakse opp med eit sterkt fokus på folkemordet som tyrkarane utførte på armenarane. Når ho kjem til Istanbul og fortel Asya og familien hennar om bestemora og hennar lidingar føler dei sterkt med henne, men opplever ikkje at dette har noko med dei å gjere. Vi stansa litt ved dette, opplevinga av historia - kor nært lever vi med fortida? Slik boka framstiller amenarar som bur i USA, ser det ut til at historia er levande og nær. Reiser vi til andre land som har følt undertrykking frå stormakter, er og historia nærare enn kanskje for oss, som har eit svært så distansert forhold til vikingane og deira drap og herjingar!
Og så var det desse tantene, desse gale tantene! Den eine som farga håret etter korleis ho kjende seg den dagen, den andre som levde med ein djing på kvar skulder og som slik fekk vite meir enn ho hadde godt av og tanta/mor til Asya som dreiv med tatoveringar.
Vi fann ut at denne boka er som ein mosaikk, her er det mange bitar og ein treng litt avstand slik at heile bilete kjem fram.
Vi sakna ei ordliste! Ei forklaring på ord og uttrykk som hadde gjort leseflyten lettare. Kva er eigentleg ein djing? Hallo, nokon?

fredag 31. oktober 2008

Tyrkisk litteratur

Etter den ovsvære boka frå siste møte vert neste roman som skal lesast Bastarden fra Istanbul av Elif Shafak. Dette vert spanande for fleire av deltakarane har ikkje lese mykje anna litteratur frå Tyrkia enn Orhan Pamuk. Boka seies å vere lettlesen og sidetalet skal og vere til å leve med.
Det er Lindås folkeboksamling som er møtestaden den 4. desember kl. 19.00. Det kan ikkje seiast for ofte, alle er velkomne til å vere med i selskapet! Møt opp og ta del!

fredag 24. oktober 2008

Små bokstavar og stor forteljing

Seks personar med ulike leseropplevingar hadde møte i går på Meland bibliotek. Vi hadde kvar på vår måte prøvd å komme igjennom Amos Oz: En fortelling om kjærlighet og mørke. Nokon hadde ikkje begynt, andre hadde kome til side 69, medan andre igjen hadde kome til side 312! Det er ikkje enkelt å setje seg ned og lese ei bok på 556 sider når skrifta er lita, sidene tettskrevne og forteljinga interessant, men fragmentert. Det nyttar til og med ikkje å lese siste kapittelet for å sjå korleis det ender heller, for slutten finnest ein eller fleire stader i teksten. Han tvinger lesaren til å la forteljinga opna seg og som lesar må du gli med i straumen av ord, detaljar om personar og gater, ut og inn av tidsepokar. Forteljinga tek oss med gjennom oppveksten til Amos, presenterer familien og gatene der han bur. Detaljane gjer at vi ser for oss gatene han gjekk når familien skulle ringe til slekta i Tel Aviv eller når dei gjekk på besøk til onkelen eller besteforeldra.
Vi hadde ulike favorittar blant menneska han presenterer oss for, men det er ein kjærleg forfattar som gjer iherdige forsøk på å tenkje etter om det var slik hendingane var, eller kanskje var dei ikkje slik i det heile? Til dømes når han fortel at fakta seier at bestemor hans døyde av slag, men samstundes kunne ho like gjerne ha dødd av lengsel, eller uro, eller raseri?
Når han skriv om møte med lærarinna frøkenzelda 29 år etter sommaren då han var 8 år og djupt forelska i læraren, får vi og eit møte med ein mann som prøver å hugse så nøye det lar seg gjere, korleis det eigentleg var, kva som vart sagt og korleis det vart sagt.
Vi kom ikkje til slutten av boka, men ein vakker dag når tida er for oss, skal vi lese ho igjen og nyte kvart ord, kvar sving forfattaren fører oss inn på.

fredag 5. september 2008

Oktoberlesing

Den 23. oktober skal NLS igjen samlast og denne gongen på Meland bibliotek.Det var ikkje enkelt å finne bok denne gongen. Her var det ønskje om bøker frå Sør- og Mellom-Amerika, Sør-Afrika, Japan og Hellas, men til slutt vart det En fortelling om kjærlighet og mørke av den israelske forfattaren Amos Oz. Det er ei tjukk bok på over 500 sider, men er ho god, slik meldingane tyder på, kan dette bli ei fin reise inn i barndommen og ungdomstida til Oz.
Det er berre å gje seg i kast med denne om vi skal komme i mål!
God lesing!

torsdag 4. september 2008

Korgamalheiterduerifrå?

Selskapet var noko redusert i oppmøtet denne gongen, men bøkene var leste og alle hadde meiningar. Vi starta ut med Diana Evans si bok 26a, vi las eit intervju med henne og fekk bakgrunnen for kvifor ho skreiv denne boka. Diana Evans er sjølv tvilling og hennar tvillingsøster gjorde sjølvmord. Boka, seier ho er mellom anna eit minne om søstera og ei hylling til tvillingar. Alle som hadde lese boka sa at dei hadde hatt litt vanskar i starten med å finne ut av i kva for verden, kva for stad, kven er det som fortel? Men dette ordna seg etterkvart og hovedpersonane, først Georgia også Bessie fortalde historia om familien, ein familie med røter både i Nigeria og England. I Nigeria er det eit sagn om tvillingane Onia og Ode. Onia vart fødd først også Ode, Ode vart brent men Onia ville ikkje ete før Ode si ande kom inn i henne. Etter eit år var Ode klar til å reise til dødsriket og Onia vart for all tid åleine. Denne historia ga oss eit bakteppe for den vidare historia til Georgia og Bessie. Dei som hadde lese Ikarosjenta vart minna på at i denne romanen er det og referansar til tvillingar og Nigeria.
Vi hadde lese
Anita Nair si bok Damekupeen og alle hadde nytt boka og samstundes lært noko om India. Vi undra oss over at desse damen som ikkje kjende kvarandre så fritt dela liv og opplevingar med kvarandre, men det kom jo og fram at alle hadde erfaringar med kjekke, djupe og opplivande samtalar på tog og i bussen. Kanskje det er meir tradisjon for dette i andre land? Eller slik som i einskilde bygder der dei eldre gjerne spør korgamalheiterduerifrå?
Alle kvinnene i boka stod fram som sterke damer som alle skapte sitt eige liv ut i frå sine forutsetningar, men skapar ikkje vi og våre liv? Det som skil er vel omstende og moglegheiter?
Så var det slutten på boka: Kvifor ringte Akhila til Haria? For å bli ferdig med han? For å ta oppatt forholdet? Og kva svarte han???? Ein open slutt, det er litt ergerleg, men og fint for då kan vi dikte sjølv!

onsdag 23. juli 2008

Damekupeen

Anita Nair stiller i denne boka spørsmålet: Kan ei kvinne leve lukkeleg uten ein mann og familie ?
Landet er India og den første kvinna vi møter er 45 år gamle Akhila. Ho har i alle år teke seg av familien, og strever med å lausrive seg frå den og eigne tankar om det verkeleg går an ta steget og leve for seg sjølv, utan ein mann. Er det akseptabelt ? Trygt? Må ein la familien finne ein mann? Kva med kjærleiken? På ei togreise møter ho fem andre kvinner og gjennom deira sterke historiar møter vi ulike sider av det indiske samfunnet og kvinnenes levekår. Om korleis sterke kvinner ordnar seg innan dei rammene dei har.
Etterkvart som eg kom ut i boka opplevde eg at tradisjonane og sedvanen står sterkt i det indiske samfunn. Så sterkt at når det moderne India kom fram i boka ( gjennom helsestell, reiser, system...) vart eg nesten forundra at handlinga trass alt foregår i vår moderne tid.
Eg la nok "automatisk" historia 30- 40 år attende i tid då eg tok til å lese om Ahkila - og hadde godt av å bli minna at eg har vokse opp i ei litt anna verd. Svært mange er single og bur for seg sjølve i Norge. og javisst går det an! Men har vi mista noko og på denne vegen ???
Togreisa vart nok litt av ei mental reise for Ahkila, og denne lesaren hadde og godt av reisa.

Inger

søndag 20. juli 2008

Lesenøklar

Når vi les er det fleire måtar å gå inn i teksten på. Immi Lundin skriv om desse i boka Bokläsarnas kunnskapskälla der ho nemner fem ulike nøklar til teksten. Desse er kan vere verdt å prøve neste gong Selskapet skal snakke om bøker! Her er Lundin sine nøklar:
Nøkkel 1: Kva handlar boka om?
Nøkkel 2: Kvar bok må lesast ut i frå seg sjølv
Nøkkel 3: Sjangeren skaper forventningar
Nøkkel 4:Kven er hovudperson, kven er forteljaren og kven ser?
Nøkkel 5:Tida for handlinga og tida for forteljinga.
Så er det berre å lese og tenkje! God lesing!