onsdag 18. februar 2009

Kva veit vi om dansk litteratur?


Danmark er eit av våre kjære naboland som vi har ei lang og ikkje alltid like hjarteleg historie saman med, men Selskapet har spurd seg sjølv og tenkt på: kva veit vi eigentleg om dansk litteratur? Ja, vi veit jo om H.C. Andersen og .... Ja, vi nemner jo ikkje Holberg for han var jo bergensar. Men kva veit vi om samtida? Kva vert skriven og lest av dansk litteratur i dag? Dette veit vi fint lite om og difor skal vi lese danske forfattarar i 2009. For ikkje å bli heilt lausrivne frå det heimlege skal vi starte med
Morten Ramsland si bok Hundehode. Denne boka hentar handlinga si både frå Bergen og frå Danmark og er ei familiekrønike. Det er ei stund sidan boka kom ut så nokre har vel lest denne, men kanskje det er tid for ei ny gjennomlesing? På neste møte skal vi og finne fram til fleire danske bøker og forfattarar, det kan bli kjekt. Og neste møte ja det er 19. mars kl. 19 på Lindås folkeboksamling i Knarvik. Velmøtt!

onsdag 4. februar 2009

Eit vintereventyr, men eventyr?

Tittelen på boka gav oss nokre assosiasjonar, som dei frammøtte på Meland bibliotek hadde problem med å finne gjenklangar av i boka, då vi sette oss ned for å samtale om Eit vintereventyr.
Det er ei mørk forteljing Jan Roar Leikvoll har skrive, men det hadde allereie bokmeldingane fortald oss, så vi var vel førebudd. Boka er sett i eit ukjent geografisk landskap, staden er ein slags konsentrasjonsleir eller arbeidsleir og hovudpersonen som aldri får noko namn let verdiane sine dikterast av Hans. Då hovudpersonen tek ein liten gut ut av rekkjene av nye arbeidarar eller slavar, trudde vi alle at no skulle vi få sjå trekk av varme og omsut, men nei, handlinga han gjer er totalt egoistisk. Medan forteljinga skrei framover venta vi på det positive vendepunktet, no må han skjøna kor gale det er, kor feil veg det går, men, nei det makteslause onde heldt fram. Vi drøfta einskilde sider som vi syntes var problematiske, slik som:
Når ondskapen ikkje har nokon rammer, blir ondskapen meiningslaus.
Skjer det noko med hovudpersonen? Får han ny erkjenning? Når han oppdagar at Hans ikkje elskar han slik han vil, kva gjer han då? Får vi i det heile så mykje informasjon og innsikt i hovudpersonen at han blir interessant for oss?
Boka beskriver naturen omkring leiren noko som gjev eit lite pusterom, men det perverse, ondskapen og det håplause blir det ein sit igjen med. Fleire i gruppa sa at: Denne boka hadde eg ikkje lese og absolutt ikkje lese ferdig om det ikkje hadde vore for at vi skulle snakke om ho.
Medan andre sa at: Eg måtte lese vidare, det var ekkelt, men eg vart nysgjerrig.
Det er ikkje til å leggje skjul på at vi sakna å kunne snakke med forfattaren, men han bur jo her - så neste gong han er på butikken....

tirsdag 13. januar 2009

Det går ikkje alltid som vi ønskjer...

Til alle dei som hadde gledd seg til å høyre Jan Roar Leikvoll snakke om boka si Eit vintereventyr har eg ei sørgjeleg melding. Han har meldt avbod i dag og kan ikkje kome. Dette er leit, men ikkje noko å gjere med. Møtet om boka går likevel som planlagd og alle er framleis hjarteleg velkomne den 29. januar kl.19.00.

fredag 26. desember 2008

Januarmøtet 2009

29.ande januar kl.19.00 2009 skal NLS ha møte på Meland bibliotek. Denne gongen skal vi lese 
Eit vintereventyr av Jan Roar Leikvoll. Jan Roar Leikvoll som er frå Meland og bur på Frekhaug vil og vere med på samlinga og snakke om boka si og lese frå henne. Dette vert spannande og vi ønskjer alle som vil velkomne til biblioteket den kvelden.

torsdag 11. desember 2008

Ein familie med mange fasettar



Samtalen om Bastarden fra Istanbul starta med ein apperitiff frå forlaget si internett side. Det var lagt ut ein liten filmsnutt som ga oss både eit visuelt inntrykk frå Istanbul og ein smakebit av teksten. Vi tok med oss bileta og lot smaken av clementinar, nøtter og kaffe bygge opp under opplevinga av boka. For denne boka var full av matopplevingar! Til og med oppskrifter! Kvart kapittel hadde sin tittel som og sa noko om kva vi ville oppleve her. Vi spurde oss sjølve om kven som var hovudpersonen, ja var det eigentleg mogeleg å finne ein hovudperson? Vi kom raskt fram til at her hadde faktisk kvar og ein av oss funne "sin" hovudperson, for her myldra det av personar som kvar på sin måte ga si historie.

Dei som fører historia framover er dei to jentene Asya og Armanoush. Asya, bastarden, bur i Istanbul saman med mora ( som ho kallar
tante) og dei andre tantene. Asya elskar Johnny Cash, nektar å gå på ballettundervisning og har ein gammal mann som elskar. Armanoush, har armensk far og amerikansk mor bur i USA, litt hos mora og litt hos faren. Mora gifter seg oppatt med onkelen til Asya og slik får Armanoush nyss om at her finnest det ein familie, som kanskje kan gje ho meir informasjon om bestemora og hennar historie. Armanoush er vakse opp med eit sterkt fokus på folkemordet som tyrkarane utførte på armenarane. Når ho kjem til Istanbul og fortel Asya og familien hennar om bestemora og hennar lidingar føler dei sterkt med henne, men opplever ikkje at dette har noko med dei å gjere. Vi stansa litt ved dette, opplevinga av historia - kor nært lever vi med fortida? Slik boka framstiller amenarar som bur i USA, ser det ut til at historia er levande og nær. Reiser vi til andre land som har følt undertrykking frå stormakter, er og historia nærare enn kanskje for oss, som har eit svært så distansert forhold til vikingane og deira drap og herjingar!
Og så var det desse tantene, desse gale tantene! Den eine som farga håret etter korleis ho kjende seg den dagen, den andre som levde med ein djing på kvar skulder og som slik fekk vite meir enn ho hadde godt av og tanta/mor til Asya som dreiv med tatoveringar.
Vi fann ut at denne boka er som ein mosaikk, her er det mange bitar og ein treng litt avstand slik at heile bilete kjem fram.
Vi sakna ei ordliste! Ei forklaring på ord og uttrykk som hadde gjort leseflyten lettare. Kva er eigentleg ein djing? Hallo, nokon?

fredag 31. oktober 2008

Tyrkisk litteratur

Etter den ovsvære boka frå siste møte vert neste roman som skal lesast Bastarden fra Istanbul av Elif Shafak. Dette vert spanande for fleire av deltakarane har ikkje lese mykje anna litteratur frå Tyrkia enn Orhan Pamuk. Boka seies å vere lettlesen og sidetalet skal og vere til å leve med.
Det er Lindås folkeboksamling som er møtestaden den 4. desember kl. 19.00. Det kan ikkje seiast for ofte, alle er velkomne til å vere med i selskapet! Møt opp og ta del!

fredag 24. oktober 2008

Små bokstavar og stor forteljing

Seks personar med ulike leseropplevingar hadde møte i går på Meland bibliotek. Vi hadde kvar på vår måte prøvd å komme igjennom Amos Oz: En fortelling om kjærlighet og mørke. Nokon hadde ikkje begynt, andre hadde kome til side 69, medan andre igjen hadde kome til side 312! Det er ikkje enkelt å setje seg ned og lese ei bok på 556 sider når skrifta er lita, sidene tettskrevne og forteljinga interessant, men fragmentert. Det nyttar til og med ikkje å lese siste kapittelet for å sjå korleis det ender heller, for slutten finnest ein eller fleire stader i teksten. Han tvinger lesaren til å la forteljinga opna seg og som lesar må du gli med i straumen av ord, detaljar om personar og gater, ut og inn av tidsepokar. Forteljinga tek oss med gjennom oppveksten til Amos, presenterer familien og gatene der han bur. Detaljane gjer at vi ser for oss gatene han gjekk når familien skulle ringe til slekta i Tel Aviv eller når dei gjekk på besøk til onkelen eller besteforeldra.
Vi hadde ulike favorittar blant menneska han presenterer oss for, men det er ein kjærleg forfattar som gjer iherdige forsøk på å tenkje etter om det var slik hendingane var, eller kanskje var dei ikkje slik i det heile? Til dømes når han fortel at fakta seier at bestemor hans døyde av slag, men samstundes kunne ho like gjerne ha dødd av lengsel, eller uro, eller raseri?
Når han skriv om møte med lærarinna frøkenzelda 29 år etter sommaren då han var 8 år og djupt forelska i læraren, får vi og eit møte med ein mann som prøver å hugse så nøye det lar seg gjere, korleis det eigentleg var, kva som vart sagt og korleis det vart sagt.
Vi kom ikkje til slutten av boka, men ein vakker dag når tida er for oss, skal vi lese ho igjen og nyte kvart ord, kvar sving forfattaren fører oss inn på.