Etter ein lang sommarferie var dei frammøtte i Selskapet glade for å vere i gang att. Tjenestepiken som forsvant av Tarquin Hall var perfekt sommarlesing og fleire såg fram til neste bok om den noko pompøse Vish Puri. Boka handlar om detektiven Vish Puri som liknar svært på Hercule Poirot, han bur og arbeider i Dehli og i boka får vi høyre om nokre av sakene hans. Vi får høyre om medhjelparane Nattkrem, Håndbrekk, Lysrør og Dossen og ikkje minst sekretæren som heldt orden på avtalane hans Elizabeth Rani. Boka gir eit ganske kritisk blikk på India og det indiske samfunnet, med korrupsjon og eit kastesystem som set skarpe skille mellom folk. Men det er og ei hylling til den indiske maten, familien og kulturen. Vi kjenner nesten lukt og smak når vi les om maten, for Vish Puri er ein særs matglad type! Forfattaren har budd og arbeidd i India i mange år, så det er nok eit truverdig bilete vi får av samfunnet.Sakene Vish Puri arbeider med er mellom anna å sjekke bakgrunnen til unge menn som vil gifte seg inn i viktige familiar. Dei som har sett TV-programmet "En sikh i India" vil kanskje hugse at det er vanleg med slike detektivbyrå i India. Vish Puri oppklarer og saka om tenestejenta som forsvann, men det var meir som skjulte seg i denne forsvinninga enn ein skulle tru i første omgang.
Selskapet snakka mellom anna om mora til Vish Puri som dreiv si eiga etterforsking, det var ei dame med driv i! Det som gjer boka til ei kjekk lesaroppleving er humoren! Plottet er forsvakt til at den fungerer som krim, men alle dei som elskar Damenes detektivbyrå nr. 1, vil og ha ei herleg stund med denne boka. Egnar den seg som lesesirkelbok? Ikkje så veldig, for det er ikkje så mykje å gripe fatt i. Alle likte boka og som sagt til ferielesing/avslapping/koselesing var ho perfekt.
onsdag 19. september 2012
fredag 29. juni 2012
Kva skal vi lese i sommar?
Selskapet tar sommarferie fram til september og innan den tida har kanskje alle fått lest boka Tjenestepiken som forsvant av Tarquin Hall. Dette er ei bok om detektiven Vish Puri som løyser både mordgåter, forsvinningar og sjekkar opp bakgrunnen til unge menn som vil gifte seg inn i dei beste familiane i India. Vil du ha ein smak av India i sommar, så er dette ei flott bok. Neste møte er 6. september på Meland bibliotek og tida er som vanleg kl.19.00. Ta kontakt med Lindås eller Meland bibliotek om du vil vere med i Nordhordland Litterære Selskap.
Etiketter:
India,
sommarferie,
Tarquin Hall
Plassering:
Havnevegen 29, 5918 Frekhaug, Norge
onsdag 27. juni 2012
Ei bok vi vil hugse
Ja, det var konklusjonen på samtalen Selskapet hadde omkring boka Livlegens besøk av Per Olov Enquist. Før vi kom så langt hadde vi ei fin stund med å ta for oss denne forunderlege historia om legen Johan Friedrich Struensee. Han som starta som fri-tenkjande lege og endte på skafottet etter fire år som ein vesentleg maktfaktor i det dansk-norske kongeriket. Dette var tida då Christian den sjuende vart konge, då han var 17 år vart han gift med kusina Caroline Mathilde og dei fekk ein gut Frederik som seinare vart kong Frederik VI. Kong Christian var sjukeleg, spinkel og periodevis sinnsjuk. Han vart oppdratt på ein slik måte at Selskapet følte ei sterk medkjensle med den stakkars kongen. Heldigvis kom den gode læraren Reverdil inn i bilete og i han fekk Christian ein ven, men det varte ikkje så lenge for dette var ei tid med konspirasjonar og alliansar for alle dei som sjølv ville ha makt. Christian var svært opptatt av dei nye tenkjarane og då han ville reise i Europa vart legen Struensee med. Dei møtte mellom anna Voltaire og andre i kretsen rundt han. Kongen og legen fekk god kontakt og Struensee blei med tilbake til København når reisa var over. Christian vart meir og meir dratt inn i si eiga verd, han trudde at han var eit forbytta barn og han fekk raserianfall som skremde alle på slottet. Struensee såg til kongen og sidan han hadde stor tiltru til han fekk han stadig meir makt. Til slutt var det Struensee som hadde den reelle makta i Danmark. Dronning Caroline Mathilde og Struensee fekk eit nært forhold, ja dei vart elskarar og dronninga fekk ei jente med Struensee. Kongen tok rett nok på seg farskapen, men spekulasjonane gjekk høgt både på slottet og i byen. Struensee ønskte og arbeidde for ei rekke reformer, men tida var ikkje på hans side og sterke krefter førte til at han vart fengsla og avretta.
Struensee står fram som ein fredeleg mann og Selskapet spurde seg om det var mogeleg å innføre og gjennomføre så store endringar berre ved å skrive ut "forordningar"? Er det slik at utan struktur slepp vi laus dei primitive kreftene?
I eit av kapitla er Christian og Struensee ute for å treffe folket. Struensee får sjå ein gut som vert torturert, men grip ikkje inn, han følgjer i staden kongen som har fått nok av det folkelege og vil heim. Denne episoden vert han stadig konfrontert med, redsla for lidinga. Struensee høyrde eit eventyr "Mannen uten frykt" og dette sit i han heile livet og set på mange måtar grenser for han.
Selskapet vart samde om at det var nok Caroline Mathilde som var hjernen bak mykje av det Struensee gjorde, men fekk ho noko ære? Vi spurde oss og om kor mykje av denne romanen er dikting og kor mykje er fakta? Boka er jo skriven nesten som ei fagbok, men det er ein roman - dette måtte vi stadig minne oss på. Ei fin lesaroppleving var ho og det var fleire som kunne tenkje seg å lese meir av Enquist.
Struensee står fram som ein fredeleg mann og Selskapet spurde seg om det var mogeleg å innføre og gjennomføre så store endringar berre ved å skrive ut "forordningar"? Er det slik at utan struktur slepp vi laus dei primitive kreftene?
I eit av kapitla er Christian og Struensee ute for å treffe folket. Struensee får sjå ein gut som vert torturert, men grip ikkje inn, han følgjer i staden kongen som har fått nok av det folkelege og vil heim. Denne episoden vert han stadig konfrontert med, redsla for lidinga. Struensee høyrde eit eventyr "Mannen uten frykt" og dette sit i han heile livet og set på mange måtar grenser for han.
Selskapet vart samde om at det var nok Caroline Mathilde som var hjernen bak mykje av det Struensee gjorde, men fekk ho noko ære? Vi spurde oss og om kor mykje av denne romanen er dikting og kor mykje er fakta? Boka er jo skriven nesten som ei fagbok, men det er ein roman - dette måtte vi stadig minne oss på. Ei fin lesaroppleving var ho og det var fleire som kunne tenkje seg å lese meir av Enquist.
onsdag 16. mai 2012
Livlegens besøk av Per Olof Enquist
Det siste møtet før sommarferien vert den 7. juni 2012 kl.19.00 på Lindås bibliotek. Då skal vi snakke om Livlegens besøk av Per Olof Enquist. Boka er frå 1999 og fekk Agustprisen same året. Per Olof Enquist har ei lang rekke bøker bak seg og har fått mange prisar for både bøker og forfattarskapen. Dersom du har lyst til å vere med på samlinga og lese boka, ta kontakt med biblioteka.
Vi skal og snakke om kva for bøker vi skal lese i sommar og til samlinga etter ferien.
Velkommen!
Vi skal og snakke om kva for bøker vi skal lese i sommar og til samlinga etter ferien.
Velkommen!
tirsdag 15. mai 2012
Når forfattarane kjem - snakkar og les
Selskapet hadde invitert til ope møte med forfattarane Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad den 26. april. Hovland og Kaldestad kom og det gjorde 17 andre menneske og slik at kvelden vart særs vellukka. Dag Helleve var dessverre sjuk, men dei to andre las nokre av hans tekstar og så alle vart representert. Dei tre forfattarane har skrive fem reisebøker saman, men dei trudde nok at denne var den siste. Reise saman skulle dei nok halde fram med, men fleire bøker....? Den første reiseboka var frå USA og hadde vekt på musikk. Dei hadde ikkje tenkt at reisa skulle bli til ei bok, men då dei såg alt stoffet dei hadde samla, notat, opptak og bilete - ja, så vart det ei bok. Dei andre reisene til Irland, BeNeLux ( men dei kom aldri til Ne), Finland og no Canada har hatt som mål at dei skulle bli bok. Kvar bok har fleire reiser bak seg, for det var ikkje alt som openbera seg ved første besøk. (Eller: det var så kjekt å reise at dette måtte dei gjere meir av). Hovland og Kaldestad snakka om korleis dei hadde reist i Canada; frå vest til aust og dei enda på New Foundland. Dei understreka dei flytande grensene mellom fag- og skjønnlitterære tekstene som dei ønskte skulle vere der. Tekstene er alvorlege og spøkefulle og dei tar høgd for at forfattarane hadde med seg sine bilete og klisjear frå kva dei hadde høyrt om landet. Boka er eit kunstprosjekt, sa dei. - og då er det kanskje mogeleg å tenke at dette prosjektet utvidar seg i møte med dei ulike lesarane?Dei som møtte opp hadde mange nyfikne spørsmål om Canada, som til dømes om dei traff det ridande politiet? Nokon måtte og høyre om tekstane i appendixen - korleis kom dei med? Då keik dei to forfattarane på kvarandre og mumla at det var no helst dei meir ufjelge tekstane som var der eller dei tekstane som dei etter tur skreik seg til måtte vere med.
Det var kjekt å ha med forfattarane og som det ofte skjer når Selskapet har snakka om ei bok, vi fekk lyst til å lese ho ein gong til.
Etiketter:
Canada,
Per Olav Kaldestad,
Ragnar Hovland,
reisebøker
onsdag 14. mars 2012
Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly
Neste møte i Nordhordland Litterære Selskap skal ikkje vere før 26. april, men då er vi igjen så heldige at forfattarane til boka Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly kjem og snakkar om boka og anna reiseverksemd dei har halde på med opp igjennom åra. Boka er ikkje så tjukk, men det er mykje forvitneleg å lesa og kanskje fleire får lyst til å lese meir av karane: Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad?
Møtet er som vanleg ope for alle og dei som ønskjer å lese boka før vi treffes kan vende seg til biblioteket.
Vi treffast på Meland bibliotek 26.4.12 kl.19.00!
Møtet er som vanleg ope for alle og dei som ønskjer å lese boka før vi treffes kan vende seg til biblioteket.
Vi treffast på Meland bibliotek 26.4.12 kl.19.00!
Etiketter:
Dag Helleve,
Forfattermøte,
Per Olav Kaldestad,
Ragnar Hovland,
reisebøker
mandag 12. mars 2012
Samtale ventar
Marit Eikemo er forfattaren til boka Samtale ventar og det var denne boka som var utgangspunktet for møtet i Selskapet den 23. februar. Marit Eikemo kjem frå Odda, har vore journalist i Bergens Tidende og er no leiar for Litteratursymposiet i Odda.Ho fortalde om korleis ho arbeidde med tekstane sine og at det slett ikkje var enkelt å gi frå seg boka til omverda. Ho skriv om kva som opptek ho og anna som er ein del av tida vi lever i. Dette kunne Selskapet kjenne igjen frå boka som var på programmet den kvelden, for hovudpersonen Elisabeth Brenner er ei dame som er avhengig av nett-tilgang, bli sett på Facebook og ha "venner". Eikemo sa at ho skriv gjerne i den motsette posisjonen til seg sjølv, då vi spurde om noko av det ho skreiv var sjølvopplevd eller på noko vis biografisk. Vi lurte sjølvsagt på det, når hovudpersonen reiser til ein liten by med nedlagt industri og har fleire trekk som vi utan vidare kunne knytte til Odda. Boka har fleire tema og eitt av desse er den framande og samfunnet. Når ei dame kjem til ein liten plass, buset seg på ei brakke, ja, då burde denne dama forstå kva for signal ho sender ut. Det gjer ikkje Elisabeth Brenner, ho er meir naiv enn ein skulle tru og akkurat dette gjer at vi som lesarar lever med ho og kjenner omsorg for ho. På den andre sida kjenner ho eit tyngande ansvar, ho skal gjere noko, komme seg vidare og ta del i samfunnet igjen etter å ha møtt veggen. Men fleire i Selskapet undra seg over alt ho klarte å vikle seg inn i, for ho klarer ikkje å avvise nokon, men samstundes likar ho nesten ingen heller. Elisabeth Brenner si oppgåve i småbyen er å ta språkprøver frå dei som bur på staden, på den måten kjem ho, faktisk ganske motvillig, i kontakt med fleire spesielle personar i byen. Marit Eikemo fortalde at ho lagde ein scene og så bygde ho ut denne, for å illustrere dette las ho eit utdrag frå boka der Elisabeth intervjuar fotografen. Når nokon les slik, blir du meir oppmerksam på orda og stemninga som orda skaper og som vanleg var det fleire som tenkte at denne boka skulle vi kanskje lese ein gong til. Alle i som møtte denne kvelden hadde lese boka og likt henne. Det var utruleg kjekt å treffe Marit Eikemo og høyre henne sjølv snakke om bøkene sine og denne boka spesielt.
Vi fekk sjølvsagt og lyst til å lese andre bøker av Eikemo, t.d.:
Abonner på:
Innlegg (Atom)





