torsdag 13. juni 2024

Siste møte før sommarferien 2024

 

Det går mot siste møte i Selskapet før sommarferien tek til. Vi skal snakke om romanen "Ensom er den som ikke er nummer en for noen" av Vibecke Groth.

Vi møtast tysdag 18. juni kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik.

Vil du vere med i denne litteraturgruppa? Ta kontakt med biblioteket for meir informasjon.

Varmt velkommen!

mandag 3. juni 2024

Ein roman med eit ransakende tema

 

Då Selskapet var samla for å samsnakkast om romanen "Det store i det lille" var reaksjonane på boka ulike. Nokre syntes boka var langtekkeleg, medan andre syntes ho var ok. Kva var det deltakarane reagerte på?

Jodi Picoult har skapt hovedpersonen Ruth, ein sjukepleiar som arbeider på fødeavdelinga på sjukehuset i ein by i USA. Ho kjem frå ein farga familie der mor hennar arbeider som hushjelp for ein kvit familie og har gjort det sidan døtrene hennar var små. Ruth har alltid ynskt å ta utdanning, ho er skuleflink og ho er villig til å arbeide hardt. Ho får stipend slik at ho kan gå på gode skular og eit godt universitet. Ho gifter seg og får sonen Edison. Mannen hennar er soldat og døyr under eit oppdrag i Afgahnistan. Ho må difor klare seg sjølv, noko ho alltid har gjort. Vi møter Turk, ein kvit mann som hatar farga av di ein farga mann drap bror hans. Han møter Brit som er dotter til ein av leiarane innan Kvit makt. Turk vert ein ivrig tilhengar og gjer alt for å bli godttatt av far hennar. Turk og Brit giftar seg og Brit vert gravid. Barnet vert fødd på sjukehuset der Ruth arbeider og det er ho som skal sjekke at alt er i orden med barnet. Då Turk og Brit ser at det er ei farga sjukepleiar som kjem inn i rommet deira forlangar dei at ho ikkje skal ha noko med barnet å gjera. Ruth vert både sint og lei seg, men det er sjefen hennar som gjev etter for foreldra sine krav. Barnet skal omskjærast og det er for lite folk på overvakinga slik at Ruth vert åleine med guten til Turk og Brit. Han får pusteproblem og døyr. Ruth får skulda for dødsfallet og vert meld til politiet for mord. Ho får ein kvit forsvarar, Kennedy, ei kvinne som meiner at ho alltid har sett på farga som likestilte. I møtet med Ruth og hennar kvardag ser ho at slik er det slett ikkje. Etter ein tur på shoppingsenteret ser ho kor stor forskjell det er på korleis ho vert behandla og kva som skjer med Ruth. Det er ein augneopnar!

Selskapet meinte at boka var langdryg. Faktisk var alle samd i at her kunne framdrifta vore noko kjappare, men teamet er ransakande for kven av oss har ikkje tenkt som forsvararen Kennedy at her er alle like, eller ganske like? Vi syntes at personteikninga var svart/kvit. Anten var dei gode, flinke og antirasistiske, eller valdelege og rasistiske. Til dømes syntes vi at Turk hadde fått mange tunge bører, mykje sørjeleg bagasje frå oppveksten og som ung vaksen. Det viser seg at faren til Brit hadde vore gift med ei farga kvinne og at Brit sjølv var afrikansk-amerikaner. Dette vert eit sjokk for både ho og dei omkring henne. Selskapet fann at dette var særs lite truverdig, men slik var det med fleire hendingar i romanen der vi spurde oss sjølv, trur vi på dette? Vi trur derimot på Ruth, ho som person, ho som mor til Edison - stadig uroleg for sonen og kva rettsaka kan bety for han.

Likte vi boka? Vi var vel sånn midt i mellom, men som ein av deltakarane sa: Det er greit å ha lese den for vi måtte alle ta eit ranaskande blikk på våre eigne haldningar til rasisme og korleis den pregar også våre ganske så fredelege liv.

torsdag 2. mai 2024

Møtet i mai 2024

 

Til og midt i våren skal vi kome saman i Nordhordland Litterære Selskap og samsnakkast om ein roman. Denne gongen er det Jodi Picoult: Det store i det lille.

Vi møtast tysdag 21. mai kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.

Om du vil vere med så ta kontakt med biblioteket.

Varmt velkommen!

torsdag 18. april 2024

Quichotte - en roadmovie?


 Då Selskapet var samla og skulle ta runden blant dei frammøtte var det inga høglytt begeistring for romanen Quichotte. Halvparten hadde lese heile boka, medan resten anten ikkje hadde kome igjennom trass i fleire forsøk eller gjeve opp etter nokre sider. Kva seier det om boka eller om oss som las/skulle lese ho? Det var inga god match denne gongen. Likevel gjekk vi laus på samtalen for det er alltid noko å seie om ei bok same kor godt eller dårleg vi likte ho. Vi slo fast at forfattaren Salman Rushdie skriv godt og han let oss enkelt vandre frå den eine "verda" til den andre.

Boka handlar om Sam Duchamp, forfattar av spionthrillarar, som no ville skrive ei anna slags bok. Han skriv om seljaren Quichotte som har sett altfor mykje på TV og forelska seg i TV-stjerna Salma R. Fetteren hans Dr. Smile lagar farmasøytiske produkt som Quichotte har solgt, men av di Quichotte har fått fikse idear vert han oppsagt. No er Quichotte fri til å gjere det han vil og han legg ut på reisa tvers over USA for å kome til si utkåra Salma R. På vegen materialiserer sonen Sancho seg, faktisk ut i frå rein tankekraft! Desse to kjem utfor mange slags eventyr, skremmande møte både med kjempar og rasistiske angrep. Sancho som er i tenåra når han vert "fødd" må bruke Quichotte sine erfaringar, men han får og sine eigne etterkvart og då han møter ei vakker jente, vert også han forelska. Quichotte har ei syster som bur i NewYork, Trampoline, dei har ikkje vore i kontakt med kvarandre på mange år. Då dei endeleg kjem til byen er det Sancho som får han til å besøke systera. Ho tilgjev Quichotte, men han vil ikkje bu hos henne. Han har i alle år budd på billege motell og det vil han halde fram med. Sancho skjønar ikkje dette og tek bilen deira for å finne jenta har er forelska i, det går ikkje bra. Sam Duchamp erfarer det same som Quichotte. Han har ei syster som han ikkje har truffe på mange år. Han reiser til England der ho bur og bed henne om tilgjeving for det han har gjort. Systera - omtala som Søster - har etter oppveksten der ho vart misbrukt av far sin, arbeidd seg fram til ein svært høg posisjon i samfunnet. Ho vart politikar, og seinare ei som arbeidde med mikrofinans for kvinner. No er ho alvorleg sjuk og Sam og ho får ei tid saman der dei finn ein slags fred. 

Viktige tema i denne romanen er raseproblematikk, dop og kva eit overforbruk av TV-program gjer med oss. Det går ikkje bra med nokon av personane i romanen, sjølv om dei gjenopprettar relasjonen til nære familiemedlemmar. Vi snakka om den generelle dommedagsstemninga vi fann i boka slik som at verda løyser seg opp og vi må finne naudutgangen merka NEXT for å bli redda. Boka framfører ein sterk samfunnskritikk, men vi sakna framdrift i forteljinga. Det er faktisk reisa som fører til bevegelse medan både Quichotte og Sam Duchamp ser meir attende på liva sine enn framover. Og konklusjonen var: vi ser fram mot neste bok.

fredag 12. april 2024

April-møtet 2024

 

På møtet i april skal Selskapet samsnakkast om Salman Rushdie sin roman Quichotte. Har du lese Cervantes sin berømte roman Don Quijote? Ja, da har du ein slags ide kva denne boka handlar om. Har du ikkje lese Cervantes, så er ikkje det noko problem for romanen klarer seg fint på eiga hand. Vi møtast tysdag 16. april kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik. (Bruk inngangen på baksida av bygget) 

Har du lyst til å vere med i Nordhordland Litterære Selskap? Ta kontakt med biblioteket.

Ver varmt velkommen!

onsdag 10. april 2024

Er dette ein roman?

 

Ja, dette var eitt av spørsmåla som Selskapet diskuterte då vi var samla på Alver bibliotek, Frekhaug avdeling. Vi hadde alle lese Eduard Louis sin roman En kvinnes frigjøring og var på kvar vår måte skaka av valden, klasseskilja, det traurige livet mora levde og tapet av draumar og moglegheitene ho ein gong hadde. Det var fleire som meinte at denne boka likna på Thomas Korsgaard sin roman Hvis det skulle komme et menneske - ein roman som på liknande måte bruker oppveksten og fortida si som materiale til romanen. Og det er her Selskapet spurde: er En kvinnes frigjøring eigentleg ein roman? Han skriv svært direkte og utleverande om familien sin; om faren som drikk, brødrene som ikke bruker evnene sine, mora som finn seg i eit liv i evig slit. Ei mor som på ingen måte støttar Eddy, den feminine sonen, homsen som kvar dag vert mobba på skulen. Han tek avstand frå familien, han gjer ikkje noko forsøk på å forstå mora, han distanserer seg ved å snakke anleis, skifte namn frå Eddy til Eduard. Det er først når han  flyttar heimanfrå at han får luft og nok distanse til å sjå at mora hadde draumar og planar før graviditetar og det tronge dagleglivet som knuste desse. Romanen fortel om eit liv i fornedring før det vert ei frigjering. Selskapet spurde seg og om det eigentleg var ei frigjering? Kva er det å vere frigjort? Å ver trygg, økonomisk sjølvstendig, kunne ta eigne val. Men vart ho eigentleg fri? Ho kastar ut den alkoholiserte mannen, men ho går inn i eit nytt forhald til ein edru og snill mann, men ho er framleis ikkje økonomisk uavhengig. Ho flyttar til Paris saman med den nye mannen, men ho går ikkje inn i nye relasjonar. Likevel, ho får eit nytt og nærare forhald til sonen Edouard. Han ser henne på ein annan måte og erkjenner at han ikkje tok innover seg hennar historie, livet hennar før han kom inn i det som barn nummer tre i familien. 

Dette er ein roman som vi ikkje gløymer så fort. Det er mange fine passasjer, filosofiske tankar som nokre av oss leste fleire gongar. Historia har fleire lag og det gjer at boka kan lesast igjen og igjen.

torsdag 21. mars 2024

Møtedager våren 2024 -oppdatert

 


Selskapet har allereie laga planer for våren 2024.

16.1.24 AVLYST; Vi snakkar om boka på møtet i februar

Første bok ut er Virginia Woolf: Mrs Dalloway. Dette er ein klassikar, ein roman som sette Virginia Woolf på det litterære kartet og som er skreven som ein tankestraum - stream of conciousness. Vi snakkar om denne romanen tysdag 16. januar 2024 kl.19.00 på Alver bibliotek, avdeling Frekhaug

Neste bok er Maren Uthaug: Der det finst fuglar Denne romanen var Uthaug sin første roman for vaksne. Vi møtast tysdag den 13. februar 2024 kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik avdeling


   




Boka vi les i mars er Eduoard Louis: En kvinnes frigjøring vi har lese ein roman av denne forfattaren tidlegare, men vi trur at En kvinnes frigjøring også kan vere ei fin bok å lese. Vi møtast tysdag 19. mars 2024 kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.                                                                                             


Boka vi les i april er Salman Rushdie: Quichotte Vi møtast tysdag 16. april kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik 







                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                      





I mai les vi Jodi Picoult: Det store i det lille og vi møtast tysdag 21. mai kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug

Siste møtet før sommaren vert tysdag 18. juni  kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik. Då les vi Vibecke Groth: Ensom er den som ikke er nummer en for noen.

 Har du lyst å vere med i Nordhordland Litterære Selskap? Ta kontakt med eit av biblioteka i kommunen og få meir informasjon.

Varmt velkommen!