onsdag 16. mai 2012

Livlegens besøk av Per Olof Enquist

Det siste møtet før sommarferien vert den 7. juni 2012 kl.19.00 på Lindås bibliotek. Då skal vi snakke om Livlegens besøk av Per Olof Enquist. Boka er frå 1999 og fekk Agustprisen same året. Per Olof Enquist har ei lang rekke bøker bak seg og har fått mange prisar for både bøker og forfattarskapen. Dersom du har lyst til å vere med på samlinga og lese boka, ta kontakt med biblioteka.
Vi skal og snakke om kva for bøker vi skal lese i sommar og til samlinga etter ferien.
Velkommen!

tirsdag 15. mai 2012

Når forfattarane kjem - snakkar og les


Selskapet hadde invitert til ope møte med forfattarane Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad den 26. april. Hovland og Kaldestad kom og det gjorde 17 andre menneske og slik at kvelden vart særs vellukka. Dag Helleve var dessverre sjuk, men dei to andre las nokre av hans tekstar og så alle vart representert. Dei tre forfattarane har skrive fem reisebøker saman, men dei trudde nok at denne var den siste. Reise saman skulle dei nok halde fram med, men fleire bøker....? Den første reiseboka var frå USA og hadde vekt på musikk. Dei hadde ikkje tenkt at reisa skulle bli til ei bok, men då dei såg alt stoffet dei hadde samla, notat, opptak og bilete - ja, så vart det ei bok. Dei andre reisene til Irland, BeNeLux ( men dei kom aldri til Ne), Finland og no Canada har hatt som mål at dei skulle bli bok. Kvar bok har fleire reiser bak seg, for det var ikkje alt som openbera seg ved første besøk. (Eller: det var så kjekt å reise at dette måtte dei gjere meir av). Hovland og Kaldestad snakka om korleis dei hadde reist i Canada; frå vest til aust og dei enda på New Foundland. Dei understreka dei flytande grensene mellom fag- og skjønnlitterære tekstene som dei ønskte skulle vere der. Tekstene er alvorlege og spøkefulle og dei tar høgd for at forfattarane hadde med seg sine bilete og klisjear frå kva dei hadde høyrt om landet. Boka er eit kunstprosjekt, sa dei. - og då er det kanskje mogeleg å tenke at dette prosjektet utvidar seg i møte med dei ulike lesarane?
Dei som møtte opp hadde mange nyfikne spørsmål om Canada, som til dømes om dei traff det ridande politiet? Nokon måtte og høyre om tekstane i appendixen - korleis kom dei med? Då keik dei to forfattarane på kvarandre og mumla at det var no helst dei meir ufjelge tekstane som var der eller dei tekstane som dei etter tur skreik seg til måtte vere med.
Det var kjekt å ha med forfattarane og som det ofte skjer når Selskapet har snakka om ei bok, vi fekk lyst til å lese ho ein gong til.




onsdag 14. mars 2012

Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly

Neste møte i Nordhordland Litterære Selskap skal ikkje vere før 26. april, men då er vi igjen så heldige at forfattarane til boka Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly kjem og snakkar om boka og anna reiseverksemd dei har halde på med opp igjennom åra. Boka er ikkje så tjukk, men det er mykje forvitneleg å lesa og kanskje fleire får lyst til å lese meir av karane: Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad?
Møtet er som vanleg ope for alle og dei som ønskjer å lese boka før vi treffes kan vende seg til biblioteket.
Vi treffast på Meland bibliotek 26.4.12 kl.19.00!



mandag 12. mars 2012

Samtale ventar

Marit Eikemo er forfattaren til boka Samtale ventar og det var denne boka som var utgangspunktet for møtet i Selskapet den 23. februar. Marit Eikemo kjem frå Odda, har vore journalist i Bergens Tidende og er no leiar for Litteratursymposiet i Odda.Ho fortalde om korleis ho arbeidde med tekstane sine og at det slett ikkje var enkelt å gi frå seg boka til omverda. Ho skriv om kva som opptek ho og anna som er ein del av tida vi lever i. Dette kunne Selskapet kjenne igjen frå boka som var på programmet den kvelden, for hovudpersonen Elisabeth Brenner er ei dame som er avhengig av nett-tilgang, bli sett på Facebook og ha "venner". Eikemo sa at ho skriv gjerne i den motsette posisjonen til seg sjølv, då vi spurde om noko av det ho skreiv var sjølvopplevd eller på noko vis biografisk. Vi lurte sjølvsagt på det, når hovudpersonen reiser til ein liten by med nedlagt industri og har fleire trekk som vi utan vidare kunne knytte til Odda. Boka har fleire tema og eitt av desse er den framande og samfunnet. Når ei dame kjem til ein liten plass, buset seg på ei brakke, ja, då burde denne dama forstå kva for signal ho sender ut. Det gjer ikkje Elisabeth Brenner, ho er meir naiv enn ein skulle tru og akkurat dette gjer at vi som lesarar lever med ho og kjenner omsorg for ho. På den andre sida kjenner ho eit tyngande ansvar, ho skal gjere noko, komme seg vidare og ta del i samfunnet igjen etter å ha møtt veggen. Men fleire i Selskapet undra seg over alt ho klarte å vikle seg inn i, for ho klarer ikkje å avvise nokon, men samstundes likar ho nesten ingen heller. Elisabeth Brenner si oppgåve i småbyen er å ta språkprøver frå dei som bur på staden, på den måten kjem ho, faktisk ganske motvillig, i kontakt med fleire spesielle personar i byen. Marit Eikemo fortalde at ho lagde ein scene og så bygde ho ut denne, for å illustrere dette las ho eit utdrag frå boka der Elisabeth intervjuar fotografen. Når nokon les slik, blir du meir oppmerksam på orda og stemninga som orda skaper og som vanleg var det fleire som tenkte at denne boka skulle vi kanskje lese ein gong til. Alle i som møtte denne kvelden hadde lese boka og likt henne. Det var utruleg kjekt å treffe Marit Eikemo og høyre henne sjølv snakke om bøkene sine og denne boka spesielt.
Vi fekk sjølvsagt og lyst til å lese andre bøker av Eikemo, t.d.:

onsdag 15. februar 2012

Forfattarmøte i februar!

På neste møte i Selskapet er vi så heldige at forfattaren Marit Eikemo kjem! Vi skal lese den siste boka hennar: Samtale ventar og forfattaren vil ha ei innleiing om boka. Vi samlast på Lindås bibliotek i Knarvik den 23. februar kl. 19.00. Det er som vanleg ope for alle interesserte og om du vil lese boka på førehand kan du ta kontakt med biblioteka. Velkommen!

fredag 27. januar 2012

Gleda ved å dele eit godt sitat

Selskapet var i godt lune då dei møttest for å snakke om Hakkepølsa av Torgny Lindgren. Alle var samde om at dette var ei kjekk bok og så mange utruleg flotte setningar! Fleire av desse var det all grunn til å ta fram og dele med dei andre! Det var ikkje heilt greit å finne ut kven denne notisskrivaren var, men med felles hjelp fann vi ut at det måtte vere Mannfred Marklund, mannen til Eva, ho som hadde lærar Lars på lemmen og delvis i senga. Det er notisskrivaren som fortel historia om Lars og Robert som er på jakt etter den ultimate hakkepølsa. Men han skriv og om mykje anna av stort og smått og som han sjølv seier: Når et menneske først har kommet seg inn i en notis, sa han, da slipper det neppe ut igjen.
Det heile startar med at Mannfred har ein bijobb som notisskrivar i ei avis, han får eit brev frå sjefsredaktøren som har funne ut at det meste som han skriv ikkje er sant, berre fri fantasi. Sjefsredaktøren nektar han å skrive ein einaste notis til og Mannfred legg frå seg blyanten og skriv ikkje meir før sjefsredaktøren er daud, då har han vorte 107 år. Mannfred har flytta på aldersheimen og der har han det svært godt, tykkjer han. Pleiarane er hyggjelege og særleg Linda. Når sjefsredaktøren er daud meiner Mannfred at forbodet mot notisskriving er oppheva og han kan fortsette der han slapp for 54 år sidan. Han set i gang og så får vi forteljinga om Lars som får tuberkulose, men blir frisk att og han trur no at han er imun. Lars tar lærarutdanning og får jobb på skulen i Avabäck. Han flyttar inn  til Eva som bur åleine sidan mannen hennar og  har fått tuberkulose og er på sjukehus. Vi møter  Robert Maser som kan vere Martin Bormann, tysk politikar og krigsforbrytar som lærte seg svensk. Etter krigen forsvann Bormann - og kven veit kanskje han kom til Avabäck? Lars og Robert treff kvarandre, oppdagar at dei elskar å synge og ikkje minst er driven av ei veldig trong etter å smake på alle slags hakkepølser i området. Dei set seg på motorsykkelen og reiser rundt og kor dei kjem er det alltid hakkepølse å få, men det er den ultimate hakkepølsa dei leitar etter - og dei finn ho.
 Romanen er meir enn ein bygderoman, for her er det rett nok skildringar av folk og situasjonar som vi kjende igjen frå bygdelivet, men forfattaren går ut og inn av forteljinga og vi veit aldri heilt kva som er fantasi og kva som er sanning. Kva vil forfattaren med denne boka? Si noko om korleis eldre menneske vert passa på, ja, nærast overvaka? Mannfred lever mykje lenger enn gjennomsnittet, han brukar mengder av papir og blyantar, til og med fargestiftar!
Bestyrerinnen vil ikke like det, sa Niklas og pekte på papiret og fargestiftene. Det tilhører ikke virksomheten: Hvilke virksomhet? Kommunenes Planen for kommunal virksomhet.
Fleire i Selskapet fann ut at denne boka skulle dei nok lese om att, for her var det mykje som godt kunne lesast fleire gonger.

torsdag 22. desember 2011

Planar for 2012

På det siste møtet før jul la Selskapet leseplanar for 2012 Det har ikkje vore mykje humor i bøken vi har lese i 2011 difor startar vi nyåret med ei bok av Torgny Lindgren: Hakkepølsa. Vi møtast på Meland bibliotek den 26. januar kl.19.00.

Dei neste bøkene blir som følgjer:
Marit Eikemo: Samtale ventar (23. februar på Lindås bibliotek, Knarvik)
Dag Helleve, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly: ei reise i Canada. (26.april på Meland bibliotek, Frekhaug)
Per Olov Engqvist: Livlegens besøk (7.6 på Lindås bibliotek, Knarvik)
Det er med andre ord mykje å gle seg til  i leseåret 2012. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteka i Nordhordland og få meir informasjon.